Hopp til innhald

SØ6-402 Offentleg økonomiforvaltning

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

I emnet vert studentane introduserte til økonomisk teori, gitt ei innføring i økonomiske grunnomgrep knytt til velferdsstaten og offentleg sektor og bruken av sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor. Vidare legg emnet vekt på ei innføring i omgrep som økonomistyring, resultatmåling og lønsemd slik at studentane som offentlege leiarar kan gi slike termar meining i lys av eiga driftseining.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studenten

  • kunne nytte nokre grunnomgrep i økonomisk teori i forståinga av ressursforvaltning i eiga driftseining
  • kunne kommunisere med kollegaer og leiarar i eigen organisasjon om nokre grunntrekk i velferdsstaten og offentleg sektors økonomiske grunnlag og økonomiforvaltning
  • kjenne til og kunne analysere eit utval sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, med relevans for deira eigen sektor og eiga driftseining
  • kunne nytte sentrale omgrep som økonomistyring, lønsemd og resultatmåling i ei forståing av den offentlege leiarrolla.

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, individuell eller gruppevis rettleiing i samband med oppgåver. Sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav nr 4: Innleveringsoppgåve. Gjennomgang i plenum.

Sjå studieplanen for meir informasjon om korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga.

Vurderingsform

Heimeeksamen - 8 dagar. Svar på utleverte oppgåver innan dato gjort kjend av faglærarar. Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene. Bokstavkarakter.

Ved stryk kan studenten ta opp igjen eksamen i det påfølgjande semesteret.