BØ6-2003 Årsrekneskap i praksis
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Kurset skal gje studentane ei praktisk innføring i årsrekneskapen frå det løpande arbeidet med bilagsføring til utarbeiding av årsrekneskapen. I praktiske oppgåver vil det vera fokus på vidareutvikle innsikt i rekneskapslovgiving og god rekneskapsskikk med vekt på NRS standardane i samband med utarbeiding av årsrekneskapen.
Innhold:
- Sentrale rekneskapsreglar for ideelle organisasjonar
- Rekneskapsreglar for små føretak
- Bokføring i eit elektronisk rekneskapssystem
- Praktisk gjennomføring av årsoppgjer inklusiv skattepostar og resultatdisponering for AS
- Lære å sette opp eit fullstendig årsrekneskap med resultatrekneskap, balanse, notar og årsmelding
- Årsavslutting i eit årsoppgjersprogram
- Reflekterere over kor viktig årsrekneskapen er for eigarar, investorar og andre interessentar
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten skal ved fullføring
- ha innsikt i rekneskapsreglane for små føretak
- kjenne til rekneskapsreglane for ideelle organisasjonar
- kjenne til regelverket for å kunne utarbeide eit fullstendig årsrekneskap
- ha kjennskap til rekneskapet sin verdi for eigarar, investorar og andre interessentar
Ferdigheitar:
Studenten kan
- gjennomføre løpande bokføring i eit elektronisk rekneskapssystem
- avslutte eit årsrekneskap, inklusiv skattepostar og resultatdisponering for eit aksjeselskap
- avslutte rekneskapet i eit årsoppgjersprogram
Generell kompetanse:
Studenten kan
- tileigne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsområde
- reflektere over etikk og samfunnsansvar i regnskapsrapporteringen
Krav til forkunnskapar
BØ6-1010 Innføring i bedriftsøkonomi med rekneskap, BØ6-1011 Finansrekneskap med analyse og), eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
BØ6-2007 Vidaregåande rekneskap, eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil variere mellom forelesing, oppgåveseminar og øvingar i datalab
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt skriftleg arbeidskrav. Arbeidskrav kal løysast individuelt eller i gruppe. Arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.
Vurderingsform
Mappe eksamen. Individuell innlevering.
Bokstavkarakter.
Ved stryk skal eksisterande mappeoppgåve forbetrast. Ved forbetring av karakter må ny oppgåve leverast.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel