Hopp til innhald

BRL101 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd I

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd (I og II) er eit tverrfagleg kurs på til saman 15 studiepoeng der første del blir gjennomført på vårsemesteret i 4. semester (BRL101 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd I) og andre del blir gjennomført haustsemesteret i 5. semester (BRL102 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd II). Hovudmålsetting for emna er å gje studenten ei innføring i økonomiske teoriar og gjera studenten i stand til å utvikle ein forretningsplan basert på økonomisk teori. Emna skal gje studenten grunnleggande kompetanse i bedriftsøkonomi som ei plattform for økonomiske avgjersler.

BRL101 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd I startar med ei grunnleggande innføring i bedriftsøkonomi. Emnet blir avslutta med ein skuleeksamen. Etter dette skal studenten utarbeide ein forretningsplan som skal innehalde forretningside, visjon, målsetjing, kalkulasjonar og budsjett. Studenten skal gjennomføre lønnsemdanalyse av forretningsideen for å vise at bedrifta under gitte føresetnadar vil vere levedyktig. Studenten vil og få ei innføring i verdivurdering og finansiering hos investor i eit prosessperspektiv. Evaluering av forretningsplan vil være sluttvurdering i emnet.

BRL102 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd II vil studentane bokføre økonomiske transaksjonar og sjå samanhengen i eit resultat- og balanserekneskap. Studentane skal kunne følgje opp eit rekneskap mot budsjett og setje opp ei avviksanalyse. Avviksanalyse skal danne grunnlag for avgjersle om korleis verksemda skal drivast vidare. Studenten skal lære korleis styringsinformasjon kan presenterast. Studenten blir evaluert gjennom ein skuleeksamen i finansrekneskap og økonomistyring. Sluttevaluering vil være ein heimeeksamen der studentane skal gjennomføre ei strategisk analyse av verksemda.

Oppbygging av BRL101 Utvikling og drift av ei reiselivsverksemd I:

  • Framstille og forklare konsumentane sine avgjersler basert på preferansar, prisar og inntekt
  • Teori omkring priselastisitet
  • Kostnads- og inntektsteori
  • Kalkyle etter bidrag- og sjølvkostmetoden og metodar for å fordele indirekte kostnadar
  • Forretningsplanen sin plass i ei verksemd
  • Forretningside, visjon og resultatmål
  • Verdivurdering og kjennskap til finansiering hos investor
  • Budsjett; resultatbudsjett, balansebudsjett og likviditetsbudsjett

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

Har kunnskap om grunnleggande teori innan prissetting for å forstå konsumentane sine preferansar

Har kunnskap om kostnads- og inntektsteori

Har kunnskap innan forretningsplanar, kalkyler, budsjett, finansiering til å kunne starte opp ei reiselivsverksemd

 

Ferdigheitar

Studenten:

Kan utarbeide forretningsplan med visjon, målsetting, kalkulasjon og budsjett.

Kan foreta ei enkel verdivurdering og ha kjennskap til finansiering hos investor

 

Generell kompetanse

Studenten:

Har grunnleggande kompetanse i bedriftsøkonomi som ei plattform for økonomiske avgjersle

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåveseminar, datalab

Obligatorisk læringsaktivitet

Eitt arbeidskrav med munnleg presentasjon. Arbeidskravet skal gjennomførast i gruppe på inntil fire personar.

Vurderingsform

Skuleeksamen 3 timar, denne delen utgjer 40 % av totalkarakter

Heimeeksamen 7 dagar , denne delen utgjer 60 % av totalkarakter

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Programmerbar kalkulator

Meir om hjelpemiddel