BRL108 Reiseliv, natur og samfunn
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Studenten skal lære om naturfilosofi og friluftslivsforvaltning. Tema vil være naturfilosofi, friluftslivspolitikk, friluftslova og allemannsretten. Studenten lærer òg om utfordringar knytt til forvaltning i eit samfunn der korleis me nyttar naturen er i stadig endring.
Læringsutbytte
Studenten skal ha:
- kjennskap til ulike filosofiske perspektiv knytt til forholdet mellom menneske og natur
- kunnskap om friluftsloven, allemannsretten og andre relevante lovverk knytt til friluftsliv.
- kjennskap til ulike forvaltningsorgan og ulike interessekonfliktar knytt til bruk av naturområder
Studenten kan:
- anvende relevant lovverk inn mot problemstillingar knytt til forvaltnings- og fleirbrukskonfliktar i natur
- reflektere kritisk rundt problemstillingar knytt opp mot friluftslivsforvaltning
- reflektere rundt filosofiske problemstillingar knytt til vårt forhold til natur og friluftsliv som fenomen
- reflektere rundt korleis ulike natursyn verkar inn på oppfatningar og bruk av natur
Studenten har:
- evne til refleksjon og kritisk tenking rundt korleis naturen vert nytta
- evne til å sette seg inn i relevant lovverk og nytte dette inn i mot aktuelle konfliktar knytt til ulik bruk av natur
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisningsformene i dette emnet vil i stor grad vera teoribaserte i form av førelesningar, studentpresentasjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. I tillegg vil me reise på dagsekskursjon til eit naturområde med forvaltningsmessige utfordringar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Eitt skriftleg arbeidskrav i naturfilosofi
- Eitt skriftleg arbeidskrav i forvaltning
Arbeidskrava må vera godkjent for å kunne gå opp til eksamen i emnet.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 5 dagar.
Gradert karakter (A - F).
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel