BØ6-1002 Investering og finansiering
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Innhald:
- Føresetnader og fundament innanfor investering og finansiering
- Utrekning av beslutningsrelevant kontantstraum, inkludert arbeidskapitaleffekt
- Korrekte verdivurderingsmetodar
- Eenterekning/finansmatematikk
- Investeringsanalyse
- Økonomisk levetid og utskiftingsanalysar
- Skattar og prisstiging - påverknad på kontantstraumar
- Risikovudering, porteføljeteori og kapitalverdimodellen
- Avkastningskrav for total- og eigenkapitalen, finansiell gearing m.m.
- Finansieringskjelder og finansieringsval, her medrekna banklån, obligasjonar, leasing, avbetalingskjøp m.m.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten skal
- forstå sentrale omgrep og definisjonar innan emnet
- kjenne til grunnlaget for tidsverdien av pengar
- ha ei overordna forståing for verdien av fleksibilitet i investeringsprosjekt
Ferdigheiter:
studenten skal
- vurdere lønsemda av investerings- og finansieringsprosjekt
- rekne ut avgjerdsrelevant kontantstraum, inkludert arbeidskapital
- forstå relasjonen mellom bruk av netto nåverdi som vedtakskriterium for investeringar og eigarane sine økonomiske interesser i føretaket
- kjenne til andre metodar for vurdering av investerings- og finansieringsprosjekt, kunne rekne ut internrente, og forstå samanhengen med netto nåverdi
- framskaffe risikojusterte avkastningskrav for å estimere alternativkostnaden til kapital
- ha innsikt i kapitalverdimodellen og kunne gjere bruk av denne modellen for å etablere eit risikojustert avkastningskrav når marknadsverdien er relevant
- budsjettere kontantstraum for investerings- og finansieringsavgjerder og gjennomføre lønsemdsanalysar basert på netto nåverdi under omsyn til eventuell skatt, inflasjon, gjeldsfinansiering og risiko med tilhøyrande avkastningskrav
- rekne ut effektiv rente og kunne gjere bruk av denne som grunnlag for ulike finansieringsavgjerder
- analysere risikoen i investeringsprosjekt når totalrisikoen er relevant.
Generell kompetanse:
Studenten kan
- reflektere kritisk kring ulike problemstillingar knytt til investerings- og finansieringsprosjekt.
Krav til forkunnskapar
Matematikk for økonomar (ME6 1000) eller tilsvarande kunnskapar i matematikk.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveseminar med bruk av Excel-rekneark.
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil to skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe.
Arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle skrivne og trykte
Meir om hjelpemiddel