BØ6-1003 Økonomistyring i bedrifter
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Innhald:
- Inntekts- og kostnadskontroll
- Modellar for driftsrekneskapet,
- Bruk av normal- og standardkost
- Kostnadsfordeling
- Beslutningsrelevante kostnader og inntekter
- Alternativ til tradisjonell kostnadsanalyse, inkludert aktivitetsbasert kalkulasjon
- Budsjettering.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten:
- kan gjere greie for ulike prinsipp for kostnadsfordeling og produktkalkulasjon.
- kjenner til budsjettet som styringsverktøy samt gjere greie for korleis budsjettprosessar blir organisert og gjennomført.
- har tileigna seg god forståing for kostnadsomgrepet og ha god forståing for variabiliteten på kostnader.
Ferdigheiter:
Studenten
- kan utarbeide for- og etterkalkylar etter sjølvkost- og bidragsprinsippet for bedrifter i ulike bransjar, samt kalkylar basert på aktivitetsbasert kalkulasjon.
- kan utføre kostnads-, resultat- og volumanalysar.
- kan utføre tradisjonell kalkulasjon etter normalkostmetoden og standardkostmetoden, samt aktivitetskorrigere verksemda sitt budsjett medrekna fleksibel budsjett.
- kan gjere avviksanalyse, identifisere og forklare årsaker til avvik og kunne føreslå iverksettjing av tiltak.
- kan identifisere beslutningsrelevante kostnader og inntekter og kunne løyse ulike beslutningsproblem.
- kan gjere enkle analysar av optimale produktval i situasjonar med avgrensa ressurstilgang.
- kan fordele kostnader frå art via kostnadsstad/aktivitet til kalkyleobjekt
- kan setje opp budsjett (resultatbudsjett, likviditetsbudsjett og balansebudsjett) basert på verksemda sine planar og aktivitet i perioden, samt sjå samanhengen mellom bedriften sine ulike delbudsjett.
Generell Kompetanse
Studenten
- kan framskaffe og bruke interne styringsdata til å leie eit føretak.
- har oversikt over tradisjonelle og moderne driftsrekneskapsmodellar og kunne drøfte vurderingsproblem i tilknyting til desse modellane.
- kan drøfte dei grunnleggande føresetnadene for og svakheitene med den aktivitetsbaserte kalkulasjonsmetoden.
- kan drøfte føremålet med budsjettering og sjå budsjettet som verktøy for planlegging,
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar BØ6-1000 Innføring i bedriftsøkonomi og BØ6-1001 Finansrekneskap 1 eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil to skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe.
Arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Programmerbar kalkulator
Meir om hjelpemiddel