Hopp til innhald

BØA101 Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i Bitcoin, den underliggjande blokk-kjedeteknologien og kryptovalutaen sin plass i det nasjonale og internasjonale pengesystemet. Bitcoin har opna for nye mulegheiter i den digitale økonomien og emnet gjev og studentane ei forståing av koplinga mellom teknologi, økonomi og samfunnsvitskap. Bitcoin, og andre kryptovalutaer, må forståast i lys av alle desse områda.

Det er ingen krav til førehandskunnskapar innan teknologi og økonomi for å kunne ta dette emnet, og det vil passa både til teknologar med interesse for kryptovalutaer som betalings- og spekulasjonsobjekt og for økonomar med interesse for blokk-kjedeteknologi.

Studentane skal etter å ha gjennomført kurset forstå korleis Bitcoin er oppbygd og verkar. Emnet kan også fungera som ein inngang til vidare studiar av denne typen digital valuta og økonomi ved andre lærestader.

 

  • Introduksjon til kryptovalutaer med vekt på Bitcoin
    • pengehistorikk
    • utvikling av digitale betalingssystem, før og etter Bitcoin
  • Karakteristiske trekk ved desentrale og sentrale IT-løysingar
  • Bitcoin sin konsensus-modell (Nakamoto-konsensus)
  • Blokk-kjedeteknologien
  • Bruk av Bitcoin og andre kryptovalutaer
  • Regulering av Bitcoin og kryptovalutaer
  • Anonymitet, pseudonymitet og personvern
  • Bitcoin som plattform
  • Alternative kryptovalutaer («altcoins») og universet av kryptovalutaer
  • Bitcoin, blokk-kjede og framtidig bruk og utvikling
  • Blokk-kjedeteknologi som grunnlag for e-pengar
  • E-pengar og kryptovalutaer
  • Bitcoin som betalingsmiddel
  • Bitcoin og pengepolitisk styring
  • Bitcoin som spekulasjonsobjekt

Læringsutbytte

Kunnskapar
Studenten skal:

  • Forstå utviklinga av pengar i historisk perspektiv
  • Forstå bakgrunnen for Bitcoin, og Bitcoin som klassisk eksempel på innovasjon
  • Forstå korleis Bitcoin fungerer og kva som gir denne kryptovalutaen verdi
  • Forstå samspelet mellom teknologi, økonomi og samfunnsmessige forhold
  • Forstå potensialet teknologien har som plattform for nye tenester
  • Vera i stand til å gi råd til andre om bruk av Bitcoin og andre kryptovaluta og forklara korleis dei fungerer
  • Vita kva e-pengar er
  • Kjenna til argumenta for og mot ein overgang til eit kontantlaust samfunn
  • Forstå korleis blokkjedeteknologien kan nyttast til å produsera e-pengar
  • Forstå korleis kryptovalutaer, spesielt Bitcoin, kan nyttast som betalingsmiddel ved sida av andre, eller i staden for, e-pengar og kontantar
  • Forstå kvifor kryptovalutaer, spesielt Bitcoin, kan nyttast som spekulasjonsobjekt
  • Forstå kva ei finansiell boble er
  • Kunne vurdera om Bitcoin har vore eller er eit døme på ei finansiell boble
  • Forstå kvifor kryptovalutaer, spesielt Bitcoin, kan nyttast som spekulasjonsobjekt
  • Forstå dei pengepolitiske utfordringane knytt til bruk av kryptovalutaer som betalingsmiddel.

 

Ferdigheiter

Studenten skal

  • Kunna bruka Bitcoin og andre kryptovalutaer og forstå korleis ein vekslar mellom dei og mellom kryptovaluta og fiatvaluta
  • Kunna bruka ressursar på nettet til å spora Bitcoinbetalingar og følgja utviklinga
  • Skilja mellom anonymitet og pseudonymitet og vita kva teknologi som tilbyr det eine eller andre
  • Kunna skilja mellom fakta og mytar om Bitcoin og andre kryptovalutaer

 

Generell kompetanse

Studenten skal

  • Kunne følgja samfunnsdebatten knytt til bruk av kryptovalutaer.
  • Kunne investera i Bitcoin

Krav til forkunnskapar

Opptakskravet til Bachelor i økonomi og administrasjon.

Tilrådde forkunnskapar

7,5 stp Samfunnsøkonomi makro

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eitt prosjektarbeid, inklusive presentasjon av dette.

Vurderingsform

4 timar heimeeksamen. Greidd/ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Kalkulator

Meir om hjelpemiddel