EL2-306 Elkraft fordjupning
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Kurset skal gje ei innføring i
- Elektriske forhold knytt til elektriske kretsar
- Anleggsoppbygging for forskjellige typar kraftverk med spesiell vekt på vasskraftverk og vindkraftverk
- Konsesjonsprosessar
- Teknisk/økonomisk berekningar av prosjekt for fremming av ny energi
- Kortslutnings- og lastflytberekningar
- Forskrifter for forsyningsanlegg med tilhøyrande normer og standarar
- Enkle hydrauliske berekningar for vasskraftverk
- HMS
Læringsutbytte
Studenten
- har generelt kunnskap om kraftsystem, grunnleggjande elektriske kretsar og magnetiske forhold i dei elektriske kretsane
- har brei kunnskap om forskjellige energiformer med spesiell vekt på vasskraft og vindkraft
- har kjennskap til HMS i planlegging og gjennomføring av elkraftprosjekt og i den etterfølgjande driftsfasen av fornybare energianlegg
- har kjennskap til konsesjonsprosessar
- kjenner teknisk/økonomiske berekningar av prosjekt knytt opp mot fornybar energi
- grunnleggjande forståing for kortslutningsberekningar og lastflytberekningar
- har kunnskap om nett-tariffar og korleis desse påverka fremming av prosjekt for fornybar energi
- kjenner og forstår "Forskrift om elektriske forsyningsanlegg" med tilhøyrande normer
Studenten kan
- beskrive i grove trekk forskjellige typar energiproduserande anlegg med opplisting av viktige hovudkomponentar med tilhøyrande virkemåte
- setta opp detaljerte tekniske krav med visning til gjeldande forskrifter, normer og standarar
- setta opp flyt-diagram med beskriving som visar konsesjonsprosessane ved enkle prosjekt for å fremma fornybar energi
- setta opp og berekne i grove trekk teknisk/økonomisk berekningar for prosjekt knytt opp mot fornybar energi
- foreta detaljerte kortslutnings- og lastflytberekningar med eigna programvare og foreta enkle overslagsberekningar for kontroll
- foreta enkle hydrauliske berekningar knytt opp mot vasskraftanlegg
Krav til forkunnskapar
Byggjer på Grunnleggjande elektro, Matematikk 1 og 2, Energiproduksjon og energidistribusjon, Elektriske maskiner og Høgspenningsanlegg eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, presentasjon og rekneøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
1 godkjend gruppepresentasjon
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4t. (60%) . Karakterskala A-F.
Mappe (40%) 3 element med lik vekting (2 innleveringar og 1 prøve), karakterskala A-F.
Både eksamen og mappe må vere greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator ihht godkjent liste, formelark
Meir om hjelpemiddel