EN312 Innovasjon, studentbedrift og berekraft 1
Emneplan for studieåret 2018/2019
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten:
- skal etter opplæringa ha kunnskap om entreprenørskap i eige fag/fagområde, med fokus på økonomi, marknadsføring, sal og entreprenørielle haldningar/ferdigheiter
- skal få kunnskap om innovasjon - med fokus på kreativitet og kreative prosessar, utvikling av forretningside
- skal kunna planlegga, gjennomføra og legga ned eiga studentbedrift
Ferdigheiter
Studenten kan:
- bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap gjennom deltaking i utvikling, kvalitetssikring og realisering av nye produkt/tenester innan eigne fagområde
- setja desse i eit miljømessig og etisk perspektiv
- utarbeida ein forretningsplan/forretningsmodell - inkludert marknad, økonomi/rekneskap, sal/marknadsføring
- laga stand og reklamemateriell
Generell kompetanse
Studenten kan:
- innsikt i etiske, miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og tenester dei har utvikla innan sine fagområde
- formidla fagleg kunnskap om produkt/teneste og prosessar dei har vore gjennom - i eigen refleksjon og i marknadsføring/sal av eigne produkt/tenester
- kunna kommunisera og samarbeida i grupper med andre studentar, og ta ansvar for utvikling av eigen prosjektide
- gjennom faglege nettverk dela erfaringar med andre studentar, og bidra til tverrfagleg fornying og utvikling av fagfeltet
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse.
Undervisnings- og læringsformer
Teoretisk/praktisk innføring i tema, med vekt på dialogbaserte førelesingar, prosess/gruppearbeid og arbeid med eiga studentbedrift. Mentorar frå næringslivet.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk deltaking på førelesingane og i studentbedrift.
- Innlevering grunnskisse forretningside.
- Registrering av studentbedrift og innlevering av rapport forretningsplan/forretningsmodell.
- Gjennomføring av studentbedrift - oppstart, drift og nedlegging
Vurderingsform
Sluttrapport studentbedrift, der ein reflekterer rundt innovasjonsprosess, utvikling av forretningsmodell og gjennomføring av studentbedrift. Graderte karakterar A-F
Fagleg overlapping
- EN313 - Innovasjon, studentbedrift og berekraft 2 - Reduksjon: 10 studiepoeng