Hopp til innhald

FE403 Bacheloroppgåve i fornybar energi

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Oppgåva kan vere retta mot fornybar energi, naturvitskap eller ha planfagleg karakter. Oppgåva må veljast i samråd med rettleiar, og innan fagfelt der ein har fagleg kompetanse og kapasitet ved instituttet.

Læringsutbytte

  • Studenten skal kjenne til de viktigaste fasane i gjennomføring av et sjølvstendig prosjektarbeid
  • Studenten skal ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde

  • Studenten skal kunne gjennomføre eit sjølvstendig prosjektarbeid
  • Studenten skal kunne gjennomføre innsamling av datamateriale
  • Studenten skal kunne gjennomføre syntese-/analysearbeid
  • Studenten skal kunne presentere et sjølvstendig arbeid skriftelig og munnleg ved hjelp av nødvendige teknikkar
  • Studenten skal kunne søkje og finne fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar
  • Studenten skal kunne meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk

Etter gjennomført og godkjent bacheloroppgåve kan kandidaten gjere sjølvstendige utgreiingar med vurderingar av viktige energifaglege, økonomiske, samfunnmessige og planfaglige tema. Kandidaten kan definere problemstilling og målsetting, gjere greie for metodar, finne fram til og bruke litteratur og kjelder på ein korrekt måte, inkludert kjeldekritikk, og er i stand til å gi ei balansert framstilling av temaet. Kandidaten veit korleis ein fagrapport skal byggast opp og presenterast, og kan formidle hovudtrekka i ein fagrapport på ein forståeleg måte (skriftleg og munnleg).

Krav til forkunnskapar

Nei

Tilrådde forkunnskapar

Studenten bør ha greidd 90 studiepoeng av emna i bachelorstudiet i fornybar energi eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. Det er ønskjeleg at 2 - 4 studentar går saman om ei oppgåve

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på bachelorseminar i januar.

Munnleg gruppe presentasjon av oppgave før innleveringsfristen.

Vurderingsform

Bacheloroppgåve

Bokstavkarakter A-F