FY2-101 Fysikk og kjemi
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Innføring i naturvitskapleg arbeidsmåte.
Fysikk (7,5 sp):
Mekanikk: Rørsle. Newtons lover. Arbeid, energi og effekt. Kraftstøyt og rørslemengde. Støyt. Rotasjon om fast akse. Spinnsatsen.
Elektromagnetisme: Ladning og elektrisk felt. Coulombs lov. Gauss lov. Elektrisk potensiale og elektrisk spenning. Magnetiske felt. Amperes lov. Elektromagnetisk induksjon og sjølvinduksjon.
Svingingar: Harmoniske og dempa svingingar.
Kjemi (2,5 sp): Rekning med støkimetri, løyseevne, kjemisk jamvekt, syre/base, redoksreaksjonar og elektrokjemi, korrosjon, ideelle gassar, organiske stoffgrupper, olje og gass.
Læringsutbytte
Kunnskapar.
- har kjennskap til ein del av fysikkens lover og korleis desse kan brukast til å modellere - har eit fagleg grunnlag og ein metodisk forståing i fysikk som andre fag i studiet kan byggje på - kjenner grunnleggjande prinsipp, teoriar og omgrep innan kjemi. - kjenner til grunnleggjande samanhengar mellom kjemi og praktisk bruk
Ferdigheiter.
- har basis for å kunne lese faglitteratur i fysikk og kjemi - kan bruke fysiske og kjemiske prinsipp og omgrep - har i fysikk og kjemi eit relevant omgreps- og formelapparat - kan gjere greie for nokre grunnleggjande fenomen innan fysikk og kjemi, og nytte desse til å forklare faglege problemstillingar - grunnleggjande ferdigheiter i laboratoriearbeid
Generell kompetanse.
Forstår fysiske og kjemiske tenkemåtar og metodar, og kan formidle desse skriftleg og munnleg
Krav til forkunnskapar
Byggjer på Matematikk 1 og Ingeniørfagleg innføringsemne (kjemidelen).
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, rekneøvingar, lab.øvingar og innleveringar.
Obligatorisk læringsaktivitet
2 godkjente laboratorieøvingar i fysikk 2 godkjende laboratorieøvingar i kjemi
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar (vekt 60%). Karakterskala A-F
Mappe (to innleveringar og ein prøve i fysikk, ein prøve i kjemi), (vekt 40%). Karakterskala A-F
Begge delane må vere greidd for at emnet skal vere greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg eksamen: John Haugan: "Formler og tabeller". Formelsamling i fysikk. Gyldendals formelsamling i matematikk. Gyldendals tabellar og formlar i fysikk. Enkel kalkulator.
Meir om hjelpemiddel