Hopp til innhald

GBNO2112 Norsk munnleg

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Dette er emne 1 i fordjupingsfaget Norsk 2 for grunnskolelærarutdanninga for 1.-7. trinn. I norsk 2 skal studentane få ei utvida, forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap og fagdidaktikk. Dei skal arbeide meir med dei grunnleggande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei får ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Norsk 2 opnar for spesialisering i sentrale fagområde i innafor norskfaget. Ved Høgskulen på Vestlandet gjev Norsk 2 fordjuping i desse emna:

  • Norsk 2, emne 1 (Norsk munnleg), 15 sp
  • Norsk 2, emne 2 (Samtidstekstar for barn. Lese- og skrivekunnskap), 15 sp

Emne 1 går om hausten og emne 2 om våren.

Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk i norskfaget. For fritak, sjå Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanningene for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn, § 5.

Fagplanen for Norsk 2 byggjer på Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 1.-7. trinn (2010), og faget er del av ei fireårig grunnskolelærarutdanning. Denne utdanninga inkluderer ei bachelorutdanning som kan inngå i ei femårig lærarutdanning med master ved Høgskulen på Vestlandet.

Norsk munnleg inneheld emna retorikk og lingvistikk. Retorikkstudiet legg vekt på praktisk og teoretisk arbeid med sentrale munnlege teksttypar i klasserommet: samtale, høgtlesing, presentasjon og forteljing. Studiet i lingvistikk tek opp talemålsvariasjon og -endring, og utfordringar ved læring av munnleg norsk når elevar ikkje har norsk som morsmål.

Studentane skal få utvida, forskingsbasert innsikt i korleis den munnlege kulturen er og har vore. Dei skal også få utvida forskingsbasert innsikt i fagdidaktiske spørsmål.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter endt studium har studenten kunnskapar om

  • kva som kjenneteiknar språkleg og retorisk kommunikasjon i munnlege og multimodale medium
  • forholdet mellom tale og skrift
  • aktuell teori og debatt knytt til arbeid med grunnleggande munnlege ferdigheiter
  • korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar retorisk og metaspråkleg kompetanse
  • vurdering av elevframføringar
  • språklege og retoriske endringsprosessar, i fortid og samtid, og om sentrale kjenneteikn ved norske dialektar
  • utfordringar ved læring av munnleg norsk når elevar ikkje har norsk som morsmål

Ferdigheiter

Studenten kan

  • leggje til rette for den munnlege språkutviklinga og den munnlege sjangerkompetansen til elevane
  • få elevane til å arbeide med ulike typar tekstar på ein aktiv og utøvande måte
  • utnytte kunnskap om elevane sitt talemål til ulike didaktiske føremål som t.d. skriveopplæring, grammatikkundervisning, sidemålsundervisning
  • organisere og utvikle gode munnlege rutinar i klassar/grupper og leie klasseromssamtalar
  • leie litterære samtalar på ein måte som gir rom for fleire stemmer
  • presentere, lese opp og fortelje godt
  • bruke medietekstar som viktig fagleg og didaktisk ressurs
  • bruke og vurdere sentrale munnlege sjangrar i ulike medium på retorisk og fagdidaktisk grunnlag
  • vurdere og reflektere over eigen bruk av munnleg språk og munnlege sjangrar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksle mellom frontalundervisning, studentaktive læringsformer og rettleiing. Innhaldet i undervisninga blir rekna som del av pensum, og undervisninga vil danne grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskolen og i praksis. Klasseundervisninga baserer seg på at studentane deltar aktivt i ulike læringsforløp og det er derfor obligatorisk studiedeltaking. Hovudregelen er at fråvær ut over 20%, medfører at studentane ikkje kan melde seg opp til eksamen. I heilt spesielle tilfelle kan norskseksjonen, etter skriftleg søknad, gi unntak frå regelen om studiedeltaking for enkeltstudentar.

Ikkje heile pensum vil bli gjennomgått i undervisninga. Arbeidet med å skaffe seg forventa læringsutbytte må derfor i høg grad skje gjennom sjølvstudium og at studentane sjølv organiserer kollokviegrupper.

Canvas er høgskolens studiestøttesystem. Det er eit krav at studentane deltar i den aktiviteten som er lagt til denne plattforma.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studenten skal i løpet av emnet·

  • Skrive ei individuell oppgåve om eit lingvistisk emne: Målforma skal vere nynorsk.
  • Skrive ein sjangertekst og eit refleksjonsnotat om han og formidle teksten munnleg til klassen: Valfri målform.
  • Studentane skriv ei midtvegsevaluering på 1-2 sider (skriftstørrelse 11 og linjeavstand 1.5). Evalueringa skal innehalda noko om 1) eigeninnsats og eiga læring, 2) læringsmiljøet og 3) profesjonsorientering i studiet. Faglærar set frist for innlevering på ItsLearning. Studentane blir oppmoda til å skrive ein eigen logg som grunnlag for midtveisevalueringa. Midtveisevalueringa er grunnlag for diskusjon i klassen og i fagutvala.

Meir detaljerte opplysningar om arbeidskrava finst i eigne retningslinjer. Desse blir utdelte ved semesterstart.

Dersom ein ikkje gjer eller får godkjend arbeidskrava, får ein ikkje gå opp til eksamen. Viss ei oppgåve vert underkjent, kan ein få eitt nytt leveringsforsøk innan ein frist sett av faglæraren.

Alle arbeidskrav er gyldige i 3 påfølgende semester etter avslutning av emnet.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen, som består av to delar:

  • Eit foredrag basert på ei individuell oppgåve over eit valfritt, munnleg emne. Omfang: ca. 10 min. Til stades: studenten, medstudentar og to faglærarar/sensorar
  • Ei fagsamtale om foredraget og om utvalde emne frå pensum. Omfang: Den munnlege prøva skal totalt ikkje overskride 30 min. Til stades: studenten og to faglærarar/sensorar

Det blir gitt ein samla karakter for munnleg eksamen.

Tid og stad for eksamen vert annonsert på Studentweb.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Manuskript til foredrag.

Meir om hjelpemiddel