GBNO2212 Samtidstekstar for barn. Lese- og skrivekunnskap
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Dette er emne 2 i fordjupingsfaget Norsk 2 for grunnskolelærarutdanninga for 1.-7. trinn. I Norsk 2 skal studentane få ei utvida, forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap og fagdidaktikk, Dei skal arbeide meir med dei grunnleggande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei får ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk i norskfaget. For fritak, sjå Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanningene for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn, § 6.
Fagplanen for Norsk 2 byggjer på Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 1.-7. trinn (2010), og faget er del av ei fireårig grunnskolelærarutdanning. Denne utdanninga inkluderer ei bachelorutdanning som kan inngå i ei femårig lærarutdanning med master ved Høgskulen på Vestlandet.
Norsk 2 emne 2 inneheld emna Samtidstekstar for barn og Lese- og skrivekunnskap.
Studentane skal få utvida, forskingsbasert innsikt i tekstar og fagdidaktikk.
Emnet Samtidstekstar for barn gir studentane ei innføring i ny og aktuell litteratur for barn og teoretiske perspektiv og debattar som er knytte til denne litteraturen. Målet er at dei skal bli kvalifiserte litteraturformidlarar og -pedagogar.
Emnet lese- og skrivekunnskap gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med lesing og skriving i klasserommet. Studentane får kunnskap om lese- og skriveprosessar og om korleis ein kan møte didaktiske utfordringar i ein moderne tekstkultur. Sentrale tema er lese- og skriveteori, leseforståing, lese- og skrivestrategiar, lesing og skriving når norsk er andrespråket, tekstkompetanse og vurdering av elevane sine lese- og skriveferdigheiter.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Etter avslutta studium har studenten kunnskapar om
- eit utval barnelitterære tekstar
- sjangrar og kjenneteikn i nyare barnelitteratur
- forholdet mellom fiksjons- og fagtekstar
- forholdet mellom skole- og fritidstekstar
- vurdering av barnelitteratur
- aktuell debatt knytt til barns lesing
- korleis ein kan leggje til rette for, gjennomføre og vurdere undervisning i lesing og skriving på 1. - 7. steg
- lesing og skriving når norsk er andrespråket
- teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
- vurdering av elevtekstar, særleg vurdering for læring
Ferdigheiter
Studenten kan
- analysere, tolke og vurdere fiksjons- og fagtekstar for barn i ulike medium
- gjere greie for teori og forskingsperspektiv knytt til samtidstekstar for barn
- føre kvalifiserte diskusjonar om barnelitteratur, litteraturformidling og litteraturdidaktikk
- organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
- bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
- vurdere og reflektere omkring ulike slags prøver i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
- leggje til rette for at elevane skal kunne lese og skrive ulike teksttypar og utvikle gode lese- og skrivestrategiar.
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre tiltak som hevar den faglege kvaliteten på arbeidet med barnelitteratur og lesing og skriving i skolen
- kan formidle sentralt fagstoff til personale og foreldre
- kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå ulike perspektiv på faget
- kan stå fram som ein sikker munnleg og skriftleg språkbrukar
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil veksle mellom frontalundervisning, studentaktive læringsformer og rettleiing. Innhaldet i undervisninga blir rekna som del av pensum, og undervisninga vil danne grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis. Klasseundervisninga baserer seg på at studentane deltar aktivt i ulike læringsprosessar og det er derfor obligatorisk studiedeltaking. Hovudregelen er at fråvær ut over 20 % medfører at studentane ikkje kan melde seg opp til eksamen. Studentane må sjølv følgje med på når fråværet går utover 20 %. I heilt spesielle tilfelle kan norskseksjonen, etter skriftleg søknad, gi unntak frå regelen om studiedeltaking for enkeltstudentar.
Ikkje heile pensum vil bli gjennomgått i undervisninga. Arbeidet med å skaffe seg forventa læringsutbytte må derfor i høg grad skje gjennom sjølvstudium, og ved at studentane sjølv organiserer kollokviegrupper.
Itslearning blir nytta som studiestøttesystem. Det er eit krav at studentane deltar i den aktiviteten som er lagt til denne plattforma.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten skal i løpet av emnet
- Skrive ei individuell oppgåve på 2000 ord sider om samtidstekstar for barn. Målforma skal vere nynorsk
- Ha ei munnleg framføring (på 15 min) som svarer på gitte problemstillingar, forklarer ulike omgrep og diskuterer utvald pensumlitteratur, og ein påfølgjande refleksjonssamtale. Oppgåva kan gjerast digital etter avtale.
- Studentane skriv ei midtvegsevaluering på 1-2 sider (skriftstørrelse 11 og linjeavstand 1.5). Evalueringa skal innehalda noko om 1) eigeninnsats og eiga læring, 2) læringsmiljøet og 3) profesjonsorientering i studiet. Faglærar set frist for innlevering på Itslearning. Studentane blir oppmoda til å skrive ein eigen logg som grunnlag for midtvegsevalueringa. Midtvegsevalueringa er grunnlag for diskusjon i klassen og i fagutvala.
Meir detaljerte opplysningar om arbeidskrava finst i eigne retningslinjer. Desse blir utdelte ved semesterstart.
Dersom ein ikkje gjer eller får godkjend arbeidskrava, får ein ikkje gå opp til eksamen. Viss ei oppgåve vert underkjent, kan ein få eitt nytt leveringsforsøk innan ein frist sett av faglærar
Alle arbeidskrav er gyldige i 3 påfølgande semester etter avslutning av emnet.
Vurderingsform
Individuell skriftleg skoleeksamen, 6 timar. Målforma er valfri.
Tid og stad for eksamen vert annonsert på Studentweb.
Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ordliste
Meir om hjelpemiddel