Hopp til innhald

ID3-323 Forskningsmetode og bacheloroppgave i idrett og kroppsøving

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet bacheloroppgåve i Idrett og Kroppsøving skal gje studentane eit grunnlag for å kunne gjennomføre eit forskingsarbeid, og avslutningsvis utarbeide ei skriftleg oppgåve. Emnet gir innsikt i vitskapsteori, metode og oppgåveskriving. Studentane har tilgang til rettleiing på oppgåva.

Læringsutbytte

Etter avslutta bacheloroppgåve skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om forskingstradisjonar og datainnsamlingsmetodar
  • har kunnskap om metodar for å gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
  • har kunnskap til å kritisk vurdere vitskapleg litteratur som er relevant for ei problemstilling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
  • kan gjera litteratursøk og kritisk vurdere vitskapleg litteratur som er relevant for ei problemstilling
  • kan behandle, analysere og tolke data

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføre ein forskingsprosess og utarbeide ein skriftleg rapport

Krav til forkunnskapar

90 sp frå bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelor Idrett og Kroppsøving, bachelor Friluftsliv eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Bacheloroppgåve der primært to studentar arbeider saman.

Biblioteket underviser i søking i fagretta databasar og kritisk bruk av kjelder.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • innlevering og godkjenning av prosjektskisse
  • innlevering av skriftleg metodearbeid
  • presentere og delta på Work in Progress (WIP)-seminar

For studentar som vel trenarutdanning i fotball skal bacheloroppgåva vera retta mot fotballfeltet.

Vurderingsform

Skriftleg bacheloroppgåve i Idrett og Kroppsøving, gruppeoppgåve, gradert karakter (A - F)

Studentar som får karakteren F eller ikkje greidd på bacheloroppgåva, kan levera revidert versjon av same oppgåva ved eitt nytt eksamensforsøk. Dersom studenten får karakteren F/ikkje greidd også på andre forsøk, må det leverast heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling. Nytt svar og ny problemstilling gjeld også for studentar som vil forbetre sin karakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel