Hopp til innhald

MAS3-300 Læring i klasserommet

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet skal ha eit hovudfokus på dei mange didaktiske utfordringane læraren har for å få i gang utviklande læringsprosessar i klasserommet, og å leggje til rette for eit inkluderande læringsmiljø. Studentane skal få innsikt i nyare teoretisk grunnlag for utvikling av strategiar for læring, i særleg grad knytt til læringsarbeid i dei sentrale skulefaga. Eit særleg perspektiv vil vere ei tydeleg lærarrolle med vekt på samspelskompetanse og dialogkunnskap i eit klasserom prega av kompleksitet og variasjon.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • empirisk og evidensbasert klasseromsforsking
  • ulike perspektiv på motivasjon, læring og vurdering
  • tilpassa opplæring ut frå eit samfunnsmessig perspektiv
  • inngåande kunnskap om nyare didaktiske teoriar og kan nytte desse på å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning.

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kunne innhente systematisk kunnskap om læring og undervisning i klasserommet
  • kunne analysere og forhalde seg kritisk til arbeids- og vurderingsformer i lys av didaktiske perspektiv
  • kunne analysere og bruke relasjonelle, dialogiske og samspelsorienterte tilnærmingsmåtar til pedagogisk arbeid
  • kunne analysere relevante fag- og yrkesrelaterte problemstillingar knytt til læringsarbeid i klasserommet
  • kunne kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar knytt til læringsarbeid i klasserommet

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kunne analysere og kritisk drøfte relevante problemstillingar knytt til læring og undervisning
  • kunne kommunisere om læring og undervisning innanfor fagområdet med basis i ulike kunnskapsformer knytt til feltet 

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over dei som følgjer av opptak

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er bygd opp rundt samlingar som kombinerer førelesingar, diskusjonar, seminarpresentasjonar og gruppearbeid. På samlingane vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer. Ei gjennomgåande arbeidsform er skriving av større og mindre akademiske fagtekstar, med tilhøyrande studentrespons. Studiet stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og aktiv tilnærming til problemstillingar studentane vert presenterte for.

Mellom nokre samlingar vil det vere undervisning på digital læringsplattform, som førebuing eller etterarbeid frå undervisningssamling i Sogndal.

Obligatorisk læringsaktivitet

To skriftlege individuelle arbeidskrav.

Frammøte i all undervisning, både samlingar i Sogndal og på digital læringsplattform.

Vurderingsform

Munnleg individuell eksamen.Presentasjon av oppgjeve tema knytt til individuelt arbeidskrav.