MAS3-302 Matematikk 3
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet skal vera eit tilbod på masternivå for studentar som ønskjer å fordjupe seg i prosessar knytt til læring og undervisning i matematikk, blant anna kvantitativ metodelære. Studentane skal fordjupe seg innan statistisk metodelære, talteori, geometri og matematikkdidaktikk.
Innhaldet i emnet vert konkretisert gjennom arbeid med seks tema: talteori, geometri, statistikk, undervisnings- og arbeidsformer i matematikk, problemløysing og bevis.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- inngåande kunnskap om sentrale kvantitative metodar
- inngåande kunnskap om forsking innanfor læring og undervisning i matematikk
Ferdigheiter
Studenten
- nytte ulike metodar for matematiske bevis til å generalisere matematiske samanhengar
- analysere og kommunisere om matematikkdidaktiske og matematikkfaglege problemstillingar, analysar og konklusjonar
- arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
Generell kompetanse
Studenten
- analysere, reflektere over og grunngje korleis læraren kan påverke læringsmiljøet og motivasjon for matematikk gjennom val av undervisnings- og arbeidsformer
- kommunisere om læring og undervisning innanfor matematikk, både på eit formelt og uformelt nivå
Krav til forkunnskapar
Matematikk 1 (30 sp) (1.-7.steg eller 5.-10. steg), eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er bygd opp rundt samlingar som kombinerer førelesingar, oppgåvearbeid, diskusjonar, presentasjonar frå studentar og gruppearbeid. I løpet av emnet vil studentane møte ulike arbeidsformer som vert nytta i matematikkundervisning. Emnet stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og aktiv tilnærming til problemstillingar studentane vert presentert for. Canvas vert nytta aktivt som lærings- og kommunikasjonsplattform. Det vert også nokre nettførelesingar i Adobe Connect.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ni skriftlege innleveringar, der ei innlevering er knytt til praksis og åtte innleveringar er matematikkfagleg og didaktisk retta.
Det er krav om 10 dagar rettleidd praksis for studentar som tek masterutdanninga som fjerde år av grunnskulelærarutdanninga. I denne praksisen skal studentane planleggje og gjennomføre eit matematikkopplegg over 6-8 undervisningstimar. Høgskulen organiserer praksisplass og praksislærar.
Studentar med fullført praksis frå lærarutdanninga gjennomfører undervisningsopplegget som eit praksisrelatert arbeidskrav på eigen arbeidsplass eller i ein skuleklasse etter avtale med høgskulen.
Vurderingsform
Haustsemester:
- Skriftleg, individuell eksamen Tid: 5 timar Vekting: 33,3 % (1/3)
Vårsemester:
- Skriftleg, individuell eksamen Tid: 5 timar Vekting: 33,3 % (1/3).
- Munnleg, individuell eksamen Vekting: 33,3 % (1/3)
Ved sensur av emnet nyttar me karakterskalaen A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Kalkulator.
Meir om hjelpemiddel