MAS3-304 Læring i kroppsøving med idrett og friluftsliv
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet tek opp eit utval tema og problemstillingar som er sentrale for læring av rørsle. Det har som hovudmål å gi studentane inngåande forskingsbasert kunnskap om kontroll og læring av ferdigheiter frå ulike perspektiv i kroppsøving med idrett og friluftsliv knytt til teoretiske og praktiske ståstader.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- ha inngåande kunnskap om leiarskapets betyding for sosiale og faglege læringsprosessar i friluftsliv og kroppsøving
- ha inngåande kunnskapar i å analysere og vurdere motoriske ferdigheiter og utvikling på ulike læringsnivå
- ha inngåande forskingsbasert kunnskap om forholdet mellom undervisning og læring, og på bakgrunn av dette kunne bruke fagdidaktisk kunnskap i konkrete læringssituasjonars eigenart i eit danningsperspektiv
- ha kunnskap til å analysere og reflektere over betydninga av kreative rørsleaktivitetar og kroppens språk
- kan anvende pedagogiske teoriar og didaktiske arbeidsmetodar som er sentrale for undervisnings- og læringsprosessar i kroppsøving og friluftsliv for utvikling av god praksis, ha kunnskap om ulike læringsteoretiske ståstader
- har avanserte kunnskapar om miljøets betyding for korleis individ og grupper oppfattar mogleggjerande og avgrensande vilkår i læringsprosessar og korleis teoriane kan nyttast i relasjon til forskings- og utviklingsarbeid
Ferdigheiter
Studenten
- analysere og reflektere over leiarskapets betyding for sosiale og faglege læringsprosessar i friluftsliv og kroppsøving
- bruke inngåande kunnskapar i å analysere og vurdere motoriske ferdigheiter og utvikling på ulike læringsnivå
- nytte inngåande forskingsbasert kunnskap om forholdet mellom undervisning og læring, og på bakgrunn av dette kunne bruke fagdidaktisk kunnskap i konkrete læringssituasjonars eigenart i eit danningsperspektiv
- analysere og reflektere over betydninga av rørsleaktivitetar og kroppens språk
- kommunisere og formidle inngåande kunnskap om pedagogiske teoriar og didaktiske arbeidsmetodar som er sentrale for undervisnings- og læringsprosessar i kroppsøving og friluftsliv for utvikling av god praksis, kunne analysere og reflektere over læringsteoretiske ståstadar
- bidra med inngåande kunnskapar om miljøets betyding for korleis individ og grupper oppfattar mogleggjerande og avgrensande vilkår i læringsprosessar og korleis teoriar kan nyttast i relasjon til forskings- og utviklingsarbeid
Generell kompetanse
Studenten
- kunne analysere og kommunisere om faglege læringsprosessar i kroppsøving med idrett og friluftsliv
- ta i bruke sine kunnskapar i analysar for å få fram kunnsjkap om barn på ulike læringsnivå og kunne gjere seg nytte observasjonar knytt til motoriske ferdigheiter og utvikling i undervsingsamanheng
- kommunisere om forskingsbasert kunnskap om forholdet mellom undervisning og læring, og på bakgrunn av dette kunne kritisk reflektere med bakgrunn i fagdidaktisk kunnskap over konkrete læringssituasjonar
- bidra til implementering, nytenking og refleksjon over betydninga av rørsleaktivitetar og kroppens språk
- anvende sin kunnskap om pedagogiske teoriar og didaktiske arbeidsmetodar som er sentrale for undervisnings- og læringsprosessar i kroppsøving og friluftsliv for utvikling av god praksis, kunne analysere og reflektere over læringsteoretiske ståstadar
- kommunisere om miljøets betyding for korleis individ og grupper oppfattar mogleggjerande og avgrensande vilkår i læringsprosessar og nytte teoriar i relasjon til forskings- og utviklingsarbeid
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over de som følger av opptak
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er bygd opp rundt førelesingar, seminar, gruppearbeid, framføringar og individuelt fordjupingsarbeid. Det blir lagt opp til obligatoriske plenumssamlingar, dels med førelesing og dels med studentframlegging og diskusjonsgrupper. Studentane møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet, og får fleire framleggings- og innleveringsoppgåver som skal stimulera til studentaktiv læring.
Obligatorisk læringsaktivitet
6 praktiske og teoretisk innleverings- og framleggingsoppgåver. Desse vert spesifisert ved studiestart.
Vurderingsform
Individuell 6 dagars skriftleg heimeeksamen. Svaret skal vera på maks 12 sider med Calibri,1,5 i linjeavstand og ha med framside og litteraturliste.
Framside og litteraturliste kan overstige sideavgrensinga.
Arbeidet vert vurdert med gradert karakter A-F.