MAS3-305 Norsk 3
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje eit tilbod om fordjuping i nokre spesifiserte tema, som vil vera relevante for masterstudiet i undervisning og læring. Hovudvekta ligg på metodikk i språk- og litteraturundervisning, med følgjande tema:
- Talemål og fleirspråklegheit i Noreg i dag
- Den norske skriftkulturen og forminga av norskfaget
- Lingvistiske metodar i språkundervisninga
- Litterære metodar i litteraturundervisninga
- Digital formidling i norsk språk og litteratur
- Metodar i vidare leseopplæring
- Undervegsvurdering i norskfaget
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- Har grundig kunnskap om prinsipielle skilnader mellom tale og skrift.
- Har grundig kunnskap om utviklinga av den norske skriftkulturen og kunne reflektera over grunnlaget for det moderne norskfaget.
- Har avansert fagleg innsikt i det moderne norske språklandskapet og vilkåra for språklæring for norske elevar,
- Har grundig kunnskap om samansette tekstar, og kunne organisere undervisning i dette emnet
- Har grundig kunnskap om ikt som verktøy i undervisning og om korleis digitale verktøy kan styrkje norskundervisninga
Ferdigheiter
Studenten
- Har inngåande ferdigheiter i ulike metodiske tilnærmingar til nynorsk som hovudmål og sidemål.
- Har inngåande ferdigheiter i litteraturdidaktiske metodar og korleis desse kan kome til uttrykk i klasserommet,
- Har avanserte ferdigheiter i den eksplisitte leseopplæringa i vidare leseundervisning,
- Har inngåande ferdigheiter i undervegsvurdering i dei ulike delane av norskfaget
Generell kompetanse
Studenten
- Har inngåande kompetanse om forsking på talemål og fleirspråklegheit i Noreg på 2000-talet og om kva dette har å seie for undervisning i grunnskulen.
- Har inngåande kompetanse om nyare leseforsking og om kva dette har å seie for undervisning i grunnskulen.
- Har inngåande kompetanse om litteraturdidaktisk forsking og om kva dette har å seie for undervisning i grunnskulen.
- Har inngåande kompetanse om nyare forsking på respons og vurdering og om kva dette har å seie for undervisning i grunnskulen.
Krav til forkunnskapar
Norsk 1 (30 sp) (1.- 7.steg eller 5.-10.steg), eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er bygd opp rundt samlingar som kombinerer førelesingar, diskusjonar, seminarpresentasjonar og gruppearbeid. I løpet av emnet vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer. Ei gjennomgåande arbeidsform er skriving av større og mindre akademiske fagtekstar, med tilhøyrande studentrespons. Emnet stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og aktiv tilnærming til problemstillingar studentane vert presenterte for.
I løpet av studieåret leverer studentane fem større arbeid i ei arbeidsmappe. Det blir gjeve obligatorisk student- og lærarrespons på arbeida, som så blir utvikla vidare og mot slutten av studieåret lagt i ei eiga evalueringsmappe for sluttvurdering.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Studentrespons på dei fem obligatoriske innleveringane
- Ei oppgåve er knytt til praksisopplegget
- Obligatorisk oppmøte på samlingar (80 %)
Vurderingsform
Mappe: Dei fem obligatoriske arbeida inngår i ei evalueringsmappe, der to av arbeida blir valde ut til sluttvurdering. Éi oppgåve blir bestemt av lærestaden, den andre er sjølvvald. Begge målformer skal vera representerte. Vekting: 60 %
Munnleg individuell eksamen. Vekting: 40 %
Ved sensur av emnet skal karakterskalaen A-F nyttast.