MASA202 Prosessleiing og deltakardemokratiske metodar
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Samfunnsarbeid er tradisjonelt blitt omtala som kollektiv handling, som kollektivt endringsarbeid og som å ta ansvar for sine medmenneske. Samhandling og sosial deltaking er sentralt for samfunnsarbeid. Sosial deltaking er resultat av ei sosial orientering, ei oppleving av å høyre til og av å verta anerkjent, og av individuelle og strukturelle føresetnader. Samfunnsarbeid er å undersøkje og påverke vilkår for sosial deltaking, danning av fellesskap og kollektiv handling. Emnet skal gi kunnskap om og forståing av samfunnsrelaterte prosessar og endringsarbeid, og gi kunnskap om bruk av ulike teoriar og metodar i samfunnsarbeid.
Den praktiske verktøykassa inneheld kunnskap om ulike metodiske tilgangar til samfunnsarbeid som lokalt utviklingsarbeid, sosial aksjon, sosialt planarbeid og organisering. Emnet gir ei grundig innføring i metodar for kartlegging, mobilisering, analyse, planlegging, iverksetting av prosjekt, avslutning, og evaluering i forhold til endringsarbeid med utgangspunkt i samfunnsarbeid. Samfunnsvitskaplege forskingsmetodar og metodar i samfunnsarbeid overlappar i stor grad. Gruppebaserte og aksjonsretta forskingsmetodar er typiske eksempel. Samfunnsarbeid er ein prosess der tid, stad, situasjon og personar bidreg til kva som vert sett i verk og kva som vert resultat. Tidlegare kunnskap og erfaring vert tatt i bruk eller utfordra. Arbeidsmåtane i emnet vil legge til rette for at prosessen kan erfarast. Refleksjon over erfaring og prosess vert gjort individuelt og i grupper, skriftleg og munnleg.
Sentrale tema:
- Ulike metodar i samfunnsarbeid
- Prosjektarbeid og planlegging
- Deltaking, lokal handleevne, kritisk refleksjon og empowerment
- Kreative verkemiddel
- Mediabruk
- Forsking i og på samfunnsarbeid
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- har avansert kunnskap praktiske verktøy for samfunnsarbeid
- kan bruke kunnskapen for å mobilisera til sosial deltaking i ulike fellesskap for ulike grupper menneske
Evner:
Studenten...
- kan bruke relevante forsking og fagutviklingsmetodar
- kan vera katalysator i sosiale endringsprosessar
- kan planlegge, gjennomføre og ferdigstille ulike endringsprosjekt og involvere dei det gjeld i alle delar av prosessen
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan leia endringsprosjekt
- tar i bruke ulike metodar for samfunnsarbeid i samspel med dei det gjeld
- kan kartlegge, finne og oppsøke relevante interessentar og samarbeidspartar
- kan mobilisere ressursar, organisere prosjekt, og kommunisera dette skriftleg og munnleg
Krav til forkunnskapar
Studierett Master i samfunnsarbeid - HVL - Bergen
MASA201 Samfunnsarbeid - teoretisk perspektiv må vera godkjend før kandidaten kan framstille seg til eksamen i MASA202 Samfunnsarbeid - praktisk tilnærming
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning er i andre semester.
Forelesing, artikkelseminar, framlegg, få og gi kommentarar på eige og medstudentar sitt arbeid, delta i diskusjonar, gruppearbeid, utarbeide og bruke gruppekontrakt, levere arbeidskrav på itslearning. Prosessorientert skriving, levere essay/eksamensoppgåver til rettleiing, bidra med kommentarar på medstudentar sine essays
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Eksamen
Skriftleg gruppeoppgåve i form av prosjektrapport. Oppgåva skal vera på maksimalt 6500 ord inkludert framside og litteraturliste.
Kvart gruppemedlem må sjølv ta ansvar og aktivt bidra for å kunne setje sitt kandidatnummer på eksamensoppgåva. Studentar som ikkje har bidrege får ikkje levere til ordinær eksamen. Dette tel som ein av moglege framstillingar til eksamen. Studentar som følgje av manglande bidrag til gruppearbeidet ikkje har rett til å levere til ordinær eksamen må vente til ny/utsett eksamen vert halden. Eksamensgrupper skal utarbeide gruppekontrakt der dette er nedskrive. Kopi av gruppekontrakt skal leverast til emneansvarleg når tema for eksamensoppgåva er godkjend.
Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er stått karakter og F er ikkje stått.
Ny eksamen
Studentane må bearbeide oppgåva til ny eksamen