MASPED3-301 Rettleiing
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Innhaldet i studiet er:
- Relevante rettleiings- og innovasjonsteoriar på system-, gruppe- og individnivå
- Etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing
- Innsikt og trening i grunnleggande rettleiingsmetodar
- Kommunikasjon, relasjon og samspel
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- ha inngåande kunnskap om rettleiings- og innovasjonsprosessar på individ-, gruppe- og systemnivå
- kunne analysere og forhalde seg kritisk til eigen praksisteori som rettleiar og innovatør innan det spesialpedagogiske fagfeltet
Ferdigheiter
Studenten
- kunne leggje til rette for og gjennomføre ein rettleiings- og innovasjonsprosess
Generell kompetanse
Studenten
- kunne kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar knytt til spesialpedagogisk rettleiing og innovasjon med både spesialistar og allmenta
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over dei som følgjer av opptak
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil variere mellom førelesingar, seminar og gruppeøvingar med grunnlag i kasus, med bruk av videoopptak. Vi føreset at studentane deltek aktivt og sjølvstendig i alle undervisningsformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Gjennomføring av feltarbeid, 5 dagar.
- Ein individuell fagtekst og framlegg med utgangspunkt i feltarbeidet
- Ei skriftleg gruppeoppgåve knytt til rettleiings- og innovasjonsteori
- Fire grupperettleiingar med video og individuelle refleksjonsnotat
- Deltaking på fire samlingar på tre timar i lokale grupper med individuelle refleksjonsnotat etter kvar samling
- Obligatorisk frammøte (80%) på samlingane
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen. Gjennomføring av rettleiing i gruppe med påfølgjande individuell samtale knytt til rettleiing og pensum.
Bokstavkarakter, A-F.