Hopp til innhald

ME6-501 Forskingsdesign og metode

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet dannar bakgrunn for arbeidet med masteroppgåva og handlar om vitskapsteori, samfunnsvitskaplege metodar og sjølvvalt teori med relevans for masterprosjektet. Emnet gir oversyn over sentrale vitskapsteoretiske tilnærmingar og kva desse har å seie for å forstå korleis kunnskap blir produsert. Emnet fokuserer på litteraturgjennomgang av forsking på felt som er sentrale for masteroppgåva. Emnet gir kunnskap om dei ulike fasane i  ein forskingsprosess og ulike typer forskingsdesign. Det blir lagt vekt på både kvalitative og kvantitative strategiar for å samle inn forskingsdata. Ulike tilnærminger til analyse av framkomme datamateriale inngår i emnet.

Læringsutbytte

Læringsutbyte

Etter avslutta emne skal studentane ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse: 

 

  • Etter fullført emne har kandidaten:
  • Kunnskap om sentrale diskursar og tilnærmingsmåtar i vitskapsfilosofien
  • Eit breitt vitskapsteoretisk og metodisk grunnlag for å studere endringar knytt til organisering, styring, innovasjon og omstilling i utdanningssektoren eller i helse- og velferdssektoren
  • Inngåande kunnskap om  design av forskingsprosjekt og både kvalitative og kvantitative metodiske tilnærmingar
  • Avansert kunnskap om forholdet mellom teori, design og metodeval
  • Særskild innsyn i korleis vitskaplege problemstillingar med relevans for leiing og organisering kan analyserast i lys av kontekstuelle faktorar

 

Etter fullført emne kan kandidaten:

  • Vere i stand til å gjere greie for ulike forskingsdesign og velje design for eit forskingsprosjekt
  • Bruke vitskaplege metodar for å analysere ein konkret problemstilling
  • Vurdere validitet, reliabilitet og eventuelle etiske spørsmål i eit prosjekt
  • Gjennomføre litteraturreview med relevans for problemstilling
  • Gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt og etablere grunnlaget for datainnsamling og analyse av empirisk materiale
  • Arbeide sjølvstendig i utforming av prosjekt og klargjere strategi for datainnsamling
  • Vurdere relevansen av ulike teoriar for ei problemstilling

 

  • Etter fullført emne kan kandidaten:
  • Bruke kunnskapar og ferdigheiter i avansert oppgåveløysing i eigen organisasjon eller sektor
  • Formidle forsking som er relevant
  • Kommunisere til omverda og relevante fagmiljø om faglege problemstillinger og om utforminga av prosjekt
  • Bidra til nytenkning og innovasjon i eigen organisasjon gjennom tileigna kunnskap

Krav til forkunnskapar

Emnet inngår som ein viktig del av førebuinga til skrivinga av masteroppgåve. Det bygger på den grunnleggande forståinga som blir etablert tidligare i programmet, og studentane må ha fullført dei første 67,5 studiepoenga i masterprogrammet før dei byrjar på emnet. 

Undervisnings- og læringsformer

Samlingar. Forelesingar, øvingsoppgåver og gjennomgang av døme på forskingsprosjekt. Framlegging og rettleiing av arbeidskrav i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav nr. 6 i studieplanen med fire innleverte oppgåveløysingar i løpet av emnet.

A-krav nr. 6 a : Presentasjon av tema for masteroppgåve. 

A-krav nr. 6 b : Litteraturreview med relevans for masteroppgåve.

A-krav nr. 6 c: Første utkast til prosjektskisse.

A-krav nr. 6 d: Revidert utkast til prosjektskisse.

 

Sjå studieplanen for meir informasjon om korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga.

Arbeidskravet er gyldig i dei påfølgjande 4 semester, under føresetnad av at tematikk for masteroppgåva ikkje har endra seg.  Ut over dette må studenten søkje spesielt om godkjenning.

Vurderingsform

Mappevurdering. Mappa skal innehalde ei prosjektskisse for masteroppgåva og eit sjølvvalt pensum på om lag 300 sider. Rettleiande omfang på  prosjektskissa er 6000-10000 ord. Endeleg dato for innlevering vert gjort kjend av faglærar.

Karakter: Greidd/ ikkje greidd.

Ved «ikkje greidd» kan omarbeidd tekst leverast innan gitt frist.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel