MGBKH101 Kunst og handverk 1, emne 1 - Grunnleggjande innføring i kunst og handverk 1
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Kunst og handverk 1 emne 1 gir ei innføring i kunst, design og arkitektur. Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og ulike slags medium knytt til begynnaropplæring i gjeldande læreplan for 1.-7. trinn i grunnskulen. Emnet vektlegg arbeid med handverk, materiale, verktøy og teknikkar. Leik, ferdigheitstrening og utforsking står sentralt. Materiale, farger, former og digitale uttrykk tilarbeidast med metodar og verktøy tilpassa 1.--7. trinn. Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av studiet. Den førebur studenten på yrke med praktiske øvingar relatert til faget sine vitskaplege perspektiv og metodar. Eigne erfaringar og kunnskap i faget skal utvikle studentane til gode rettleiarar for elevane i deira skapande prosessar og gi kunnskap i lærings- og støttestrategiar som fremmer eleven si faglege utvikling.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Kunnskapar Kandidaten
- har grunnleggjande kunnskap om relevante materialer, teknikkar, verktøy og estetiske verkemiddel
- har grunnleggjande kunnskap om mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur
- har grunnleggjande kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer med tilhøyrande teoriar om estetiske læringsprosessar, oppleving, leik og kreativitet
- har kunnskap om korleis faget sin eigenart kan integreras i begynneropplæringa
- har kunnskap om gjeldande regler om opphavsrett, personvern og kjeldekritikk også ved bruk av bilde og andre visuelle ressursar
Ferdigheiter Kandidaten
- kan i eigne skapande prosessar bruke skisser som metode/ verktøy i arbeid med utprøvingar, idear, idear, dokumentasjon og vurdering
- kan formidle mangfaldet i lokal, nasjonal og global kunst- og formkultur på varierte måtar
- kan bruke og vedlikehalde relevante verktøy, apparat og maskiner og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerheit på verkstadane (HMS-rutinar)
- kan bruke teikning både som språkform og som verktøy i skissearbeid, konseptutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk
- kan bruke faget sin eigenart i forhold til dei fem grunnleggande ferdigheitene i planlegginga av undervisninga
Generell kompetanse Kandidaten
- forstår korleis skapande arbeid med materialer utfordrar sansar, engasjerer følelsar, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
- har innsikt i korleis val av material, arbeidsformer og tema bidreg til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
- kan utnytte elevmangfaldet som utgangspunkt for tilpassa opplæring
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Workshop
- Seminar
- Fagdagar
- Prosjektarbeid (ein-faglege og fleir-faglege)
- Praktisk arbeid i verkstadane , individuelt og i grupper
- Munnlege og skriftlege oppgåver
- Ekskursjonar/ studietur
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatoriske frammøte til undervisning (80 %)
- Eitt munnleg framlegg i gruppe
- Ei skriftleg oppgåve.
Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava. Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen. Studenten betalar materialpengar (sum framgår i semesterplanen)
Vurderingsform
Vurderingsmappe.
Ei mappe som inneheld både skriftlege og praktiske arbeid. Det praktiske arbeidet skal stillast ut saman med dokumentasjon og refleksjon.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel