MGBNO201 Norsk 1, emne 2 - Mellomsteget
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet utgjer dei andre 15 sp av obligatorisk Norsk 1 på til saman 30 sp. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisstad for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
Norsk på mellomsteget gir eit grunnlag for norskundervisning på trinn 5-7. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den andre lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Studenten
- har kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har brei kunnskap om lese- og skriveopplæring på mellomtrinnet
- har utvida kunnskap om lese- og skrivevanskar
- har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis, og kjennskap til nokre av minoritetsspråka i Noreg
- har kunnskap om tekstar for barn og unge med vekt på kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk, bokmål og i omsetjing, i ulike sjangrar og medium
- har kunnskap om dokumentasjon, kartleggingsprøver, nasjonale prøver og læringsressurser for trinn 5-7
Studenten
- kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar på mellomtrinnet
- kan bruke varierte arbeidsmåtar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar for barn og unge i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere samtaler i klasserommet
- kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
- kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
- kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar
- meistrar begge målformer skriftleg og kan undervise elevar i desse.
Studenten
- kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- har blikk for mangfaldet i elevgruppa og kan gjere greie for tilpassa fagdidaktiske val
- kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene vil vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper. Studentane skal også bidra på nett med obligatoriske arbeidskrav, samtalar og diskusjonsinnlegg, samt vidareutvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar. Klasseundervisninga er obligatorisk. Fråvær utover 20% fører til at studenten ikkje får gå opp til eksamen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane har fire arbeidskrav i emnet. Studenten må syne skriftleg kompetanse i begge målformene, og munnleg kompetanse.
Minst eitt av arbeidskrava skal handle om den andre lese- og skriveopplæringa. Oppgåvetekst og formelle krav vert delt ut ved semesterstart.
Eitt av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet kan knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.
Metode: Eitt arbeidskrav skal knytast til forskingsmetode, anten invervju eller tekst- og dokumentanalyse. Arbeidskravet skal gje studenten forståing for og/eller trening i den valde forskingsmetoden. Dette arbeidskravet går inn i ei FOU-mappe. Retningslinjer for arbeidet vil liggje føre ved semesterstart.
Eitt arbeidskrav er minst 80 % oppmøte til klasseromsundervisninga.
Vurderingsform
Individuell skriftleg skuleeksamen, 6 timar.
Målform: Bokmål. Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.
Tid og stad for eksamen vert annonsert på Studentweb.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Godkjend ordbok eller ordliste.
Meir om hjelpemiddel