Hopp til innhald

MGUKØ401 Kroppsøving 2, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, lærarkompetanse, forsking og utviklingsarbeid

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet tek sikte på å utdjupa kunnskap om og forståing av kroppsøving, og inneheld ei innføring i metodisk vitskapleg arbeid.

Sentralt står korleis ein som kroppsøvingslærar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle og profesjonsutvikling. Innføring i og praktisk erfaring med forsking og utviklingsarbeid relatert til kroppsøving og lærarkompetanse pregar difor oppbygginga av emnet.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte: 

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om forsking, forskingsbasering og kunnskapsproduksjon i kroppsøving
  • har kunnskap om kroppsøving og kroppsleg læring i tverrfagleg perspektiv

Ferdigheiter

Studenten

  • kan formulere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å betre undervisning og læring i kroppsøving
  • kan gjennomføra utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse i kroppsøving
  • kan vidareutvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innafor område som leik, idretts- og bevegelsesaktivitetar, dans og nærfriluftsliv med tanke på undervising i kroppsøving
  • kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervising og læring i kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving og fysisk aktivitet i skulen meir generelt
  • kan bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving

Krav til forkunnskapar

Kroppsøving del 1 og del 2 gir grunnlag for den faglege forståing og eigenutvikling som dette emnet legg opp til.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • 80 % frammøte; 100% på turar/ekskursjonar
  • Framdriftsseminar med presentasjon knytt til FoU-oppgåve
  • Friluftsliv med overnatting
  • Delta på minst 2 av 3 forskingsdager (1: Dokument- og tekst-analyse; 2: Intervju; 3: Kildekritikk. Etikk) 

 

Godkjent arbeidskrav er gyldig så lenge studenten har eksamensrett.

Vurderingsform

Eksamen er todelt:

  • FoU-oppgåve (7,5 studiepoeng).
  • Praktisk-munnleg: Ein praktisk-metodisk eksamen der studenten panlegger og gjennomfører eit undervisingsopplegg som inkluderer refleksjon over inkludering og tilpassa opplæring.

For at emnet skal vere godkjent må begge eksamenar vere vurdert til bestått karakter. Vekting er 50 % på kvar.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel