MGUNA301 Naturfag 2, emne 1 – Fysikk og kjemi i utdanning for berekraft
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Naturfag 2 er sett saman av to emner, kvart på 15 studiepoeng.
- Naturfag 2 emne 1 - Den ikkje-levande naturen, framhald.
- Naturfag 2 emne 2 - Den levande naturen, framhald + FoU oppgåve
Naturfag 2 supplerer naturfag 1 både i breidde og djupne. Miljø og berekraftig utvikling vert vektlagt i kurset.
Fag og didaktikk vert sett på i samanheng og emna som takast opp skal gje fagleg og didaktisk tryggleik for arbeid med sentrale område av naturfaget for steg 5-10 i grunnskulen.
Naturfag 2 emne 1 bygger på Naturfag 1 emne 2.
Gjennom dette emnet får studenten djupare kunnskap innan fysikk og kjemi. Kunnskap innan desse områda vert knytt til teknologi og miljø- og klimaspørsmål. Studenten vidareutviklar og eiga evne til å leie utforskande arbeid og å vidareutvikle elevar sine utforskande ferdigheiter. Fag og didaktikk vert sett på i samanheng.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:
Kunnskaper
Kandidaten
- har kunnskap om vêr- og klimasystem både lokalt og globalt og kan drøfte problemstillingar knytt til klimaendringar
- kan diskutere samfunnsmessige, miljømessige og etiske problemstillingar knytt til ulike fornybare og ikkje-fornybare energikjelder
- har kunnskap om ulike stoff og kjemiske reaksjonar, og deira tyding i miljøsamanheng
- har kunnskap om elektronikk, gravitasjon og elektromagnetisme
- har kunnskap om teknologiske moglegheiter og utfordringar knytt til kunnskap i kjemi
- har kunnskap om bruk av ulike modellar som viser størrelsesorden i naturen
- har kunnskap om bruk av ulike måleinstrument, måleeiningar og representasjonsformer, og korleis elevar sine rekneferdigheiter i naturfag kan utviklast
- har utdjupande kunnskap om utforskande undervisning
Ferdigheter
Kandidaten
- kan handtere kjemikaliar og lage kjemiske blandingar og løysingar
- kan vurdere usikkerheit og feilkjelder i målingar
- kan bruke kunnskap i fysikk og kjemi til problemløysing med og utan digitale verktøy
- kan legge til rette for kreativ og praktisk undervisning i naturfag og teknologi som gjev god progresjon mellom ulike steg
- kan analysere, vurdere og dokumentere elevar si læring og gi læringsfremjande tilbakemeldingar
- kan finne, vurdere og vise til naturfagleg og naturfagdidaktisk forsking, informasjon og fagstoff og bruke dette i undervisning og drøfting med kollegaer
- kan legge opp til ei integrert naturfagundervisning og bruke naturfag som regifag i tverrfaglege samanhengar
Generell kompetanse
Kandidaten
- har innsikt i fagdidaktisk forsking om utvikling av evne til kritisk tenking og argumentasjon
- har innsikt i fagdidaktisk forsking om danninga av omgrep og forståing av faglege samanhengar
- kan knyte eiga rolle som naturfaglærar til etiske, sosiale, økonomiske og politiske problemstillingar som angår naturvitskap og teknologi i samfunnet
- kan analysere og bruke gjeldande læreplan for mellom- og ungdomssteget som utgangspunkt for naturfagundervisning
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, demonstrasjonar, laboratoriearbeid, oppgåveløysing og undervisningsøvingar. Det vert lagt vekt på arbeidsformer som kan brukast på mellom- og ungdomssteget.
Delar av pensum må arbeidast med som sjølvstudium. Det anbefalast å bearbeide lærestoffet gjennom kollokvier.
Obligatorisk læringsaktivitet
Gjennom semesteret skal studentane fortløpande levere 4 - 5 arbeidskrav som dokumenterer utvikling av fagleg og fagdidaktisk kompetanse. Blant obligatoriske arbeid inngår:
- Deltaking og journalføring frå praktiske øvingar
- Rapport frå praksisarbeid knytt til utforskande undervisning
- Didaktisk arbeid
Nærare omtale og retningslinjer for arbeidskrav vil vere klare ved semesterstart.
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen, 30 min.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Tabellar i fysikk og kjemi, kalkulator
Meir om hjelpemiddel