MGUNO401 Norsk på ungdomssteget 2: Språkmangfald og tekstmangfald
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
Norsk på ungdomssteget 2 er andre del av Norsk 2 for GLU 5-10. Norsk på ungdomssteget 2 kvalifiserer saman med emnet Norsk for mellomsteget 1 til norskundervisning på mellom- og ungdomssteget.
Sentralt i Norsk for ungdomssteget 2 står språkleg mangfald gjennom innsikt i talemålsvariasjon, sosiolektar og fleirspråklegheit, og tekstleg mangfald gjennom fokus på multimodale tekstar, ulike medium og retoriske strategiar. Norsk 2 gir også meir djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeidet med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
- har kunnskap om relevante språkteoretiske og språkdidaktiske omgrep og perspektiv
- har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag og har kjennskap til språk som ungdom brukar
- har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk og har kunnskap om andre nordiske språk
- har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
- har kjennskap til samansette tekstar, historikken til og teoriar om desse, har kunnskapar om retorikk i munnlege og skriftlege tekstar i tradisjonelle og moderne medium
- har kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor norskdidaktisk forsking og inngåande kunnskap om det valte FOU-fordjupingsemnet
Ferdigheiter
- kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa
- kan leggje til rette og gjennomføre undervisning for elevar med norsk som andrespråk
- kan setje i gang, rettleie og vurdere skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget, kan formulere relevante kriterium for vurdering og grunngi karakterane ein set
- kan sjølv bruke og kan rettleie elevar i bruk av kjeldemateriale
- kan vurdere læringsressursar kritisk
- kan analysera relevant forsking, har gode ferdigheiter i akademisk skriving og kan analysera og formidla eit samansett fagstoff på ein overtydande måte
Generell kompetanse
- kan rettleie elevar i arbeidet med språkleg mangfald og tekstmangfald slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
- kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil veksle mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte studentaktive læringsformer. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis.
Obligatorisk læringsaktivitet
2 oppgåver, 1 skriftleg og 1 munnleg knytt til vitskapleg tekstproduksjon.
Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunna melde seg opp til eksamen.
Vurderingsform
- Heimeeksamen, 3 dagar (vekting 50 %)
- FOU-oppgåve. FOU-oppgåva er eit sjølvstendig, forskingsbasert skriftleg arbeid der studenten skal svare på ei valt problemstilling som er relevant for profesjonsutdanninga. Oppgåva kan ha pedagogikkfaglege perspektiv.(Vekting 50 %.)
Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel