MGUPE201 Pedagogikk og elevkunnskap, emne 2 - Læraren og eleven i mangfaldige læringsmiljø
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Pedagogikk og elevkunnskap er eit kulturfag som skal gje studentane forståing for læraren og skulen si rolle i samfunnet. Kjerneområda i faget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning.
Gjennom dette emnet skal studenten skaffe seg vidare kunnskapar om elevane på trinn 5-10 og deira læring og utvikling i eit mangfaldig og komplekst læringsmiljø. Merksemda skal rettast mot korleis ein kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø for alle i ein skule prega av sosialt, religiøst og kulturelt mangfald. Studenten skal utvikle eit reflektert og kritisk perspektiv på skulen si verksemd og eiga rolle som profesjonsutøvar. Emnet er det andre av fire emne i faget pedagogikk og elevkunnskap.
Tema:
- Handtering av mangfald og elevane si faglege og personlege utvikling og danning
- Kjønn, sosialisering og identitet
- Tilpassa opplæring og spesialpedagogikk (inkl. lærevanskar)
- Klasseleiing og læringsmiljø, eit inkluderande fellesskap
- Den norske skule sitt verdigrunnlag.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha fylgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Kandidaten skal ha kunnskapar om
- menneskerettar og barn sine rettar i opplæringa
- den norske skulen og samfunnet i lys av kristen og humanistisk tradisjon, sekularisering, religiøst og kulturelt mangfald
- sentrale religionar og livssyn og deira betydning for elevar
- ulike lærevanskar og tlpassings- og åtferdsutfordringar hjå elevar på 5.-10. trinn og korleis desse kjem til syne i opplæringa
- elevar i utsette livssituasjonar
- sentrale prinsipp som fremjar inkluderande og tilpassa opplæring
- skulen sine samarbeidsparnarar
- vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap med relevans for FOU-oppgåva
Ferdigheiter
Kandidaten skal kunne
- grunngje opplæringa ut frå menneskerettar og barn sine rettar
- ivareta livssynsmangfald i samarbeid med elevar og foreldre
- leggje til rette læringsprosessar som tek vare på mangfaldet i elevgruppa
- forklare forholdet mellom tilpassa opplæring og spesialundervisning
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- identifisere og drøfte didaktiske konsekvensar, utfordringar og muligheiter i ein skule prega av språkleg, kulturelt og religiøst mangfald
- på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i dialog med eleven og deira føresette om elevene si læring og utvikling
- kritisk drøfte skulen og læraren si rolle og funksjon i samfunnet
- bruke vitskapsteoretisk og metodisk kunnskap i utforming av FOU-prosjekt.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MGUPE101
Undervisnings- og læringsformer
Varierte og studentaktive læringsformer med vekt på refleksjon knytt til teori og praksis. Det er ein føresetnad at studentane arbeider med lærestoffet på eiga hand.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk frammøte (80%)
- Eitt skriftleg og to munnlege arbeidskrav. Eitt av dei munnlege arbeidskrava er i gruppe og knytt til søk og presentasjon av forskingslitteratur.
- Forskingsseminar: Analysere og tolke vitskaplege tekstar. Faglærarane set opp minst 3 tekster som studentane les før diskusjon i grupper (faglærarane er gruppeleiarar og studentane deltar i fleire gruppediskusjonar).
Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfylgjande semesteret etter godkjenninga. Nærare retningslinjer vil vere klare til semesterstart.
Vurderingsform
Munnleg eksamen.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel