MS1-311 Lindrande behandling, pleie og omsorg 2
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Studiet er eit samarbeid mellom Kreftforeningen, seksjon vest, Kompetansesenter i Lindrende behandling, Helse Vest (KLB) og Høgskulen på Vestlandet.
Studiet er organisert som eit deltidsstudium over to semester med tre fellessamlingar på til saman 10 - 12 dagar.
Helse- og sosialpolitiske målsettingar for behandling, pleie og omsorg til menneske med sjukdom som ikkje kan lækjast, er beskriven i en rekke meldingar referert i studieplanen. Kunnskap og kompetanse må vidareutviklast til dei som arbeidar med menneske med sjukdom som ikkje kan lækjast. I tillegg set dokumenta særlig fokus på kvalitetsutvikling og innovasjon i tenestene, brukarmedverknad og støtte og opplæring til pårørande. Målet er blant anna å styrke og vidareføre Meld. St. nr. 47 (2008-2009) "Samhandlingsreformen", som har fokus på betre samhandling mellom tenestene. Helsedirektoratet utgav i 2015: «Rapport om tilbodet til personer med behov for lindrande behandling og omsorg mot livets slutt - å skape liv til dagene», (IS 2278, 2015). Rapporten beskriv status og utfordringar, og kjem med forslag til tiltak for å nå målet om eit fagleg godt og likeverdig tilbod innan lindrande behandling og omsorg. NOU 2017:16 «På liv og død» kjem ytterlegare med forslag til tiltak for å styrke lindrande behandling, pleie og omsorg til menneske som treng det, uavhengig av diagnose og geografi.
Menneske med sjukdom som ikkje kan lækjast, vil ha behov for både behandling, pleie og omsorg. Dette emnet tek mål av seg til å dekkje delar av dette komplekse fagfeltet.
Mykje av den kunnskapen og dokumentasjonen vi har i dag om lindrande behandling, pleie og omsorg er knytt til kreftpasientar. Lindrande behandling, pleie og omsorg 2 omhandlar fysisk symptomlindring for eldre, pasientar med demens og pasientar med alvorlege kroniske sjukdomar som progredierande nevrologiske lidingar, KOLS, hjertesvikt og nyresvikt. I tillegg blir pasientforløp ved langtkomen kreftsjukdom omhandla. For å optimalisere livskvalitet og lindre liding, er samarbeid med pårørande og ulike profesjonar som arbeidar i helsetenesta viktig. Og organiseringa av helsetenesta og fagfeltet palliasjon må sikre gode pasienttilpassa forløp. Også desse tema vil også bli handsama i lindrande behandling, pleie og omsorg 2.
Emnet Lindrande behandling, pleie og omsorg 2 er tverrfagleg.
Emnet er bygd opp omkring 3 tema:
Symptomlindring
- Symptomlindring med spesielt fokus på den eldre pasient
- Symptomlindring og symptomkontroll ved langtkomen kreftsjukdom
- Symptomlindring og symptomkontroll relatert til andre sjukdomar som: KOLS, hjartesvikt, nyresvikt, demens og nevrologiske lidingar
- Angst, delir, depresjon og suicid
- Alternativ behandling
Helse og sjukdom i eit lindrande perspektiv
- Etiske og juridiske refleksjonar i lindrande behandling
- Livskvalitet
- Liding og meistring
- Kommunikasjon og samhandling
- Rehabilitering
Organisering og utvikling av lindrande behandling
- Informasjon, undervisning og rettleiing
- Organisering av palliasjon i helsetenesta
- Organisering og planlegging av pasienttilpassa forløp
- Offentleg sakshandsaming
- Tverrfaglig og tverretateleg samarbeid
- Lovverk, forskrifter og retningslinjer
Læringsutbytte
Ved fullført studium skal studentane ha:
Følgjande kunnskapar
- avansert kunnskap og innsikt innan fagfeltet palliasjon basert på internasjonal litteratur
- avansert kunnskap i å møte pasientar med ulike diagnosar og deira pårørande sine behov for hjelp og støtte, der målet er symptomlindring, meistring, håp og livskvalitet
- innsikt i organiseringa av helse- og omsorgstenesta, her under sakshandsaming og dokumentasjon
- innsikt i spesifikt lovverk, forskrifter og retningslinjer som omhandlar palliasjon (for eksempel retningslinjer for lindrande sedering, lov om eutanasi).
- avansert internasjonal kunnskap om kartlegging og lindring av plagsame symptom ved ulike diagnosar
ferdigheiter i å
- analysere eigen praksis og yrkesetiske standard, og integrere ny kunnskap i tidlegare kunnskap og praktisk erfaring
- analysere etiske dilemma innan lindrande behandling, pleie og omsorg
- planlegge, gjennomføre og evaluere samtalar med alvorleg sjuke og døyande pasientar og deira pårørande
- planlegge og gjennomføre informasjon, undervisning og veiledning til pasient, pårørande og/eller medarbeidarar
- analysere og bruke planar for pasienttilpassa forløp
- samhandle tverrfagleg og fleirfagleg om å utforme heilskaplege tenestetilbod til alvorleg sjuke og døyande pasientar
- organisere, lede og sikre heilskaplege og gode pasienttilpassa forløp til personar med alvorleg inkurabel sjukdom og døyande
- nytte sentrale nasjonale og internasjonale føringar i faget palliasjon
generell kompetanse i å
- analysere og anvende erfarings- og forskingsbasert kunnskap i utøvinga av palliativ verksemd
- delta i kvalitet- og utviklingsarbeid (planlegge, utføre og evaluere), innanfor eige praksisområde
- innsikt i relevant lovverk, forskrifter og retningslinjer
Krav til forkunnskapar
Fullført Lindrande behandling, pleie og omsorg 1.
Opptakskravet til Lindrande behandling, pleie og omsorg 1 er 3- årig helse- eller sosialfagleg utdanning og minimum eitt års relevant klinisk erfaring etter fullført utdanning. Deltidsarbeid blir omrekna til heiltid. Søkjarar med anna høgskule- eller universitetsutdanning og søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskild vurdering
Undervisnings- og læringsformer
Læring er ein aktiv prosess og vi vil legge vekt på ulike former for kunnskap og læring. Refleksjon og vurdering av eigne erfaringar og ny kunnskap er en viktig del av læreprosessen. Deltaking på fellessamlingar er sentralt. Studentane får her nytte sine eigne erfaringar og utvikle disse ved hjelp av faglitteratur og dialog baserte forelesingar.
Studiet vert organisert som deltidsstudium og gjev difor gode rammer for refleksjon og arbeid med fagstoffet over tid.
Det vil bli brukt varierte arbeidsformer for å nå målet med studiet, til dømes førelesningar, seminar, sjølvstudium, arbeidskrav, gruppearbeid og e-læring.
Obligatorisk læringsaktivitet
80 % frammøte på fellessamlingane.
Utarbeiding av eit undervisningsopplegg som studentane skal framføre for kvarandre. Kan gjennomførast individuelt eller i gruppe.
Vurderingsform
Individuell skriftleg oppgåve - 3000 ord. Gradert karakter, A-F
Ved stryk kan studenten arbeide vidare med oppgåva til ny innlevering.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel