Hopp til innhald

MUND4C113 Matematikk fagdidaktikk - del 1

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emne 4c, Matematikk fagdidaktikk, er ei av fire moglege fagfordjupingar i studiet Master i undervisingsvitskap. Dette inneber å studera korleis matematisk kunnskap vert utvikla, kommunisert og brukt. Studentar som vel denne fordjupinga, skriv ei masteroppgåva knytt til matematikkdidaktikk som vitskapsfelt og praksisutøving. Emne 4c gir grunnlag for forskinga masteroppgåva krev. Det er delt i to sideordna delar som kvar er 15 studiepoeng, og der del 1 er lagt til andre semester og del 2 til tredje semester. Del 1 inneheld ein matematisk, ein matematikkdidaktisk og ein praktisk komponent. Denne delen inngår som tilbod også til studentar som med bakgrunn i grunnskulelærarutdanning har pedagogikk som fordjupingsfag, og som skal ha grunnskolelærarkompetanse etter fullført fyrste år i masterutdanninga.

Innhaldet i studiet består av tre komponentar: ein matematisk, ein matematikkdidaktisk og ein student-samarbeidslærar komponent. Desse skal studerast parallelt, slik at dei får gjensidig innverknad på kvarandre. Dei skal òg danna grunnlag for arbeid med Emne 5: Masteroppgåva.

Matematisk komponent

  • matematikkfagleg litteratur som skildrar matematikkens natur, historie og filosofiske grunnlag
  • matematikkfagleg litteratur som illustrerer kritiske perspektiv, logisk oppbygging, samt argumentasjon og språksetting innanfor matematikkfeltet
  • Aktuelle tema er matematisk modellering, grafteori og elliptiske kurver

Komponent med matematikkdidaktisk teori om

  • å identifisera, studera og stimulera elevar si læring, deira munnlege og skriftlege matematiske resonnement og argumentasjon
  • matematiske samtalar
  • matematisk tekstutvikling
  • kritiske perspektiv som kan gje innsikt i faglege og samfunnsmessige språkhandlingar der matematikk inngår

Komponent med student-samarbeidslærar prosjekt

  • lærararbeid
  • studiar av læreplanar og undervisingsarbeid
  • studiar av praksisutvikling

Studentane utviklar eit skule-basert prosjekt i samarbeid med ein eller fleire matematikklærarar. Drøftingar frå dei to fyrste komponentane skal kunna aktualiserast i prosjektet, og refleksjonar frå prosjektet skal gje næring til desse. Retningsliner for prosjektet vert gitt ved starten av emnet.

Undervisinga i emne 4, del 1, matematikk fagdidaktikk, er lagt til 2. semester i masterutdanninga og kan gå delvis parallelt med emne 3: Fleirfagsdidaktikk

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter avslutta studium har studenten kunnskapar om

  • logiske oppbyggingar i matematikk, eksemplifisert ved fordjuping i valte matematiske tema
  • korleis identifisera, studera og stimulera dei matematiske resonnementa og argumenta elevar gjer, både munnleg og skriftleg
  • kritisk-matematikkdidaktisk perspektiv knytt til eigen og elevar sin matematiske kompetanse, og om korleis matematikk er knytt til demokratiske prosessar
  • matematiske samtalar elevar og lærarar fører, og vilkår for slike samtalar
  • elevar sin matematiske språkkompetanse
  • korleis matematisk argumentasjon inngår i sosio-politiske diskusjonar
  • vilkår for elevar si matematikklæring, og korleis ein legg til rette for og tek del i matematiske læringsprosessar
  • lærararbeid, utforska gjennom teori og eigen og andre sin praksis
  • læreplanar og undervisingsmateriell i matematikkfaget

Ferdigheter

Etter avslutta studium kan studenten

  • leggja til rette for og ta del i eigen og andre si matematikklæring og ta del i diskusjonar om matematiske læringsprosessar
  • identifisera og stimulera elevar sine munnlege og skriftlege matematiske resonnement, og fremje kritisk-matematisk refleksjon
  • leggja til rette for matematiske samtalar i undervisings- og læringssituasjonar
  • identifisera språklege aspekt ved elevar si utvikling av matematisk kompetanse
  • utforska lærararbeid gjennom eigen og andre sin praksis
  • bruka læreplanar og undervisingsmateriell tilhøyrande matematikkfaget på ein fagleg forsvarleg måte

Generell kompetanse

Etter avslutta studium kan studenten

  • gjera greie for oppbygginga av eit bestemt matematiske emne, inkludert matematiske uttrykksmåtar og argumentasjon
  • dokumentera kunnskap om matematikk som fag: fagets natur, filosofiske og historiske grunnlag
  • dokumentera kunnskapar om korleis utvikling av matematisk kunnskap føregår, generelt og hjå elevar
  • identifisera, skildra og stimulera matematisk tenking hjå elevar, fremja kritisk læring, refleksjon og bruk av matematikk
  • vurdera kulturelle perspektiv knytt til å utvikla matematisk kompetanse
  • vera ressurs for lærarmiljø og medverka til nyskaping gjennom utviklingsarbeid i skulen med grunnlag i praksisteoretiske kunnskapar

Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng i matematikkdidaktikk eller tilsvarande med minimum C i snitt.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisinga skjer i form av førelesingar, seminar og rettleiing og vil veksla mellom undervising og studentaktive læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk arbeidskrav 1: Studentane leverer ei skriftleg oppgåve (1500 ord) der dei dokumenterer matematikkfagleg kunnskap og der dei reflekterer over denne kunnskapen. Oppgåva er relatert til matematiske tema i emnet. Vurdering: godkjent/ikkje godkjent.
  • Obligatorisk arbeidskrav 2: Studentane presenterer ein førebels prosjektrapport frå student-lærar samarbeidet på seminar. Vurdering: godkjent/ikkje godkjent.

Studentar som ikkje får godkjent obligatoriske arbeidskrav vert gitt eitt forsøk til. Utan godkjent arbeidskrav får studenten ikkje ta eksamen.

Godkjent arbeidskrav er gyldig i dei tre påfølgande semestera etter godkjenninga.

Vurderingsform

Skriftleg analyse på om lag 3000 ord. Analysane skal vere fundert i undervisingssamarbeidet i komponent 3. Rettleiing er obligatorisk. Retningsliner for arbeidet og krav til teksten vert gitt ved semesterstart.

Tid for innlevering vert annonsert på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.