OR6-1010 Etikk og samfunnsansvar
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Gjennom studiet i etikk og samfunnsansvar skal studentane utvikle sjølvstendig kritisk tenking for å skape medvit om korleis val av teoretisk perspektiv påverkar handteringa av etiske dilemma. Studentane skal få kunnskap om grunnleggjande etiske prinsipp og trening i å nytte desse prinsippa på praktiske problemstillingar i organisasjonar. Emnet introduserer kjerneområda innanfor CSR slik dei mellom anna er definerte i den internasjonale rettleiaren ISO:26000, og ser desse i samanheng med interessentteori for å gje studentane ei forståing av kva det inneber for ein organisasjon å ta samfunnsansvar.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten kunnskap om
- sentrale etiske retningar og sentrale problemstillingar rundt samfunnsansvar
- korleis og kvifor organisasjonar utarbeidar etiske retningslinjer og nyttar dilemmatrening for å utvikle evna til etisk refleksjon
- samanheng mellom etikk og organisasjonskultur
- hovudpunkt i diskusjonen om ansvar for miljø og berekraftig utvikling
- hovudpunkt innanfor diskusjon omkring økonomisk kriminalitet, korrupsjon og kvitvasking
Grunnleggande ferdigheitar
Etter fullført emne har studenten grunnleggande ferdigheiter til å
- skilje moralske grunnar for samfunnsansvar frå instrumentelle og omdømmerelaterte
- vere istand til å nytte teori om samfunnsansvar, og foreslå løysingar på etiske og miljømessige problemstillingar
- bruke etisk teori til å grunngje handlingsval i einskildsaker
Generell kompetanse
Etter fullført emne har studenten grunnleggande generell kompetanse som gjer han istand til å
- identifisere og klargjere potensielle etiske dilemma og grunngje eit etisk val
- forstå betydinga av etisk bevisstheit og aktivitet for måloppnåing, samfunnsutvikling og rammebetingelsar for organisasjonar og verksemder
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, seminar og obligatoriske arbeidskrav.
Obligatorisk læringsaktivitet
Skriftleg innlevering og munnleg presentasjon.
Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar.
Bokstavkarakter.