PL413 Miljø- og forvaltningsrett
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Om lag 1/3 av emnet er ei grunnleggjande innføring i offentleg forvaltning retta mot forvaltningslova og offentleglova. Emnet tek elles føre seg sentrale lover og verkemiddel i norsk miljø- og naturforvaltning. Det vert lagt vekt på ei praktisk og yrkesretta tilnærming til stoffet. Studentane får innsikt i den praktiske kvardagen i deler av forvaltninga gjennom møter med representantar for offentleg forvaltning, og dei får øving i sakshandsaming.
Læringsutbytte
Kunnskap. Studentane skal ha:
- kunnskap om juridiske grunnomgrep og offentleg forvaltning etter forvaltningslova og offentleglova:Rettskjeldelære og juridisk metode, reglane i forvaltningslova og offentlegheitslova om saksførebuing, habilitet, innsynsrett og klage.
- kjennskap til mål, prinsipp og verkemiddel innafor sentrale deler av norsk miljøforvaltning
- kunnskap om offentleg forvaltning etter naturmangfaldlova, miljøinformasjonslova, skoglova, viltlova, friluftslova, motorferdslelova, ureiningslova og vassdragslovgjevinga
Ferdigheiter Studentane skal kunne:
- utføre offentleg sakshandsaming innanfor naturforvaltning
Kompetanse. Studentane skal ha god forståing av:
- dei sentrale sakshandsamingsreglane i offentleg forvaltning
- forståing for den rolla den offentlege forvaltninga har i samfunnet
- forståing for mål og prinsipp for offentleg miljø- og naturforvaltning
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
PL417 Arealplanlegging eller tilsvarande.
Kunnskap om økologi og miljøvern er ønskjeleg.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, seminar og oppgåveløysing.
Obligatorisk læringsaktivitet
1. Individuell innlevering knytt til offentleg sakshandsaming etter forvaltningslova og/ eller offentleglova.
2. Deltaking på seminar om naturmangfaldlova med påfølgande innlevering , individuelt eller i gruppe.
Godkjente arbeidskrav er eit vilkår for å få gå opp til eksamen i emnet.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar.
Bokstavkarakter A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel