Hopp til innhald

RE6-2003 Temabasert reiseliv

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Dei reisande får stadig høgare krav til reisemål og opplevingar og motiv og behov endrar seg i ein sterk internasjonal konkurranse. Dei reisande ønskjer autentiske opplevingar og emnet tek føre seg korleis ein som reiselivsleverandør og reisemål kan møta desse krava. Vidare skal emnet gje basiskunnskap om- og grunnleggjande oversyn over ressursgrunnlaget for ulike typar temabasert reiseliv. Kurset skal vidare gje studentane innsikt i sentrale problemstillingar knytt til utvikling av ulike temaprodukt m.a. med fokus på miljømedvit og berekraft. Sentrale tema i emnet er: ¿ grunnleggjande forståing om temaomgrepet med vekt på å presentere nisjar samt korleis utvikle nye produkt. Også kva plass har temabaserte produkt i eit reisemålsperspektiv. 

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan/har studenten:

Kunnskap om

  • mangfaldet av tema- og nisjebasert reiseliv, slik som helseturisme, transportturisme, matt- og drikketurisme, fototurisme, turisme motivert av slektsforskning, kultur- og naturarv, fornøyelseparkar, menneskeskapte turistattraksjonar og festivalar. 
  • kva rolle eit slikt tema eller nisje kan ha i eit reisemålsperspektiv
  • temabasert reiseliv i eit globalt perspektiv og fokus på kva trekk og trendar gjeld på dei ulike marknadane i dag
  • og definere dei ulike omgrepa innan temabasert reiseliv

Ferdigheiter 

  • Korleis ein kan analysere og kjenne til produkta i temabasert reiseliv og etterspurnaden i marknaden
  • korleis utvikle nye produkt/opplevingar og utvikle forretningsplan deretter 

Generell kompetanse

  • Kjenne til samanhengen mellom temabasert reiseliv og berekraftig reiseliv og utvikle turistprodukt etter desse prinsippa

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppeoppgåver og ekskursjon

Obligatorisk læringsaktivitet

Det skal presenterast/leggjast fram ei gruppeoppgåve (inntil fire personar i gruppa). 

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre

Vurderingsform

Skriftleg heimeeksamen ei veke i gruppe, vekting 60%.

Munnleg presentasjon av oppgåve individuelt, vekting 40%.

Hjelpemiddel ved eksamen

Heimeksamen: alle hjelpemiddel tillatt

Munnleg presentasjon; ingen hjelpemiddel tillatt 

Meir om hjelpemiddel