Hopp til innhald

RE6-2005 Utvikling og leiing av arrangement

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Alle former for arrangement er noko som er i vekst og kunnskap om dette samt utvikling og leiing av arrangement er sentralt i reiselivsnæringa i dag. Å kunne utnytte lokale ressurser i produktutvikling på reisemålet og tilby noko unikt vil vere eit viktig konkurranseførtrinn i dagens marknad.. Emnet skal gje kunnskap om dei ulike arrangementa som kurs, konferanse, kongressar, incentiv-reiser, utstilling og messer samt arrangement forøvrig.  Ved å ta del i eit arrangement  gjennom utplassering i ei veke vil studentane få innsikt i sentrale mulegheiter og utfordringar kring utvikling og planlegging og ev. gjennomføring av arrangement.

Sentrale tema i emnet er:

  • Trendar i marknaden
  • Grunnleggjande forståing om kurs, konferanse, kongressar, incentiv-reiser, utstilling og messer og arrangement
  • Planlegging, utvikling og marknadsføring av arrangement
  • Sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske ringverknader av arrangement
  • Leiing og drift av arrangement

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskap

  • ha kunnskap til omgrepet Micee (meetings, incentives, conferences, events, exhibitions)og definere innhaldet i møter, kongress og konferanse, arrangement, utstilling/messer og incentiv reiser og kva som kjenneteiknar desse
  • ha kunnskap kring marknaden for Micee både i eit globalt perspektiv og nasjonalt

Ferdigheiter:

  • Kjenne til korleis ein integrerar kurs og konferanse og arrangement i reisemålsplanlegginga og marknadsføring av dette
  • Kunne utvikle og leie  arrangement som t.d. festivaler med omsyn til sikkerheit, kompetanse, kvalitet og oppleving
  • Kunne analysere ringverknader av eit arrangement , både sosiale, politiske, kulturelle og økonomiske. 
  • Kunne utvikle ein  kurs -og konferanse strategi til eit reisemålsselskap, eventbyrå eller liknande 
  • Kunne leie kurs og konferanse avdelingar, kongressar og arrangement som festivalar og liknande

Generell kompetanse_

  • Lære samanhengen mellom berekraftig reiseliv og arrangment 
  • Kjenne til forsking kring arrangement og ringverknader
  • Forstå rolla til arrangement i eit reisemålsperspektiv
  • Forstå rolla til arrangement i eit bedriftsperspektiv 

Tilrådde forkunnskapar

Re6-1000 Reiselivskunnsap

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppeoppgåver og seminar. 

Utplassering ei veke (t.d. hjå festivalar eller kongress avdelinger i hotell eller kongresssenter) . Vanlegvis i veke 41 men dette kan variere frå semester til semester.  Studenten  har sjølv ansvar for å finne bedrift/organisasjon til denne utplasseringa.

Utplasseringa skal godkjennast av faglærar.

I tillegg skal alle studentane delta i førebuing og gjennomføring av det årlege reiselivsseminaret ved høgskulen etter nærare avtale med faglærar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Individuell rapport frå utplassering.

Rapporten skal presenterast / leggjast munnleg i klassen.  

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Skriftleg heimeeksamen i gruppe, ei veke; vekta 60%.

Presentasjon av oppgåve; vekta 40%.

Dersom kandidaten får stryk i ein av desse lyt kandidaten ta den aktuelle forma oppatt for å få godkjent emnet.