RP5-400 Rusproblematikk - ulike perspektiv i forståinga av rus
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet gir ein introduksjon til fleire teoretiske perspektiv på rus og rusmiddel. Samfunnsvitskaplege tilnærmingar utgjer grunnlaget for emnet, men også psykologisk og biomedisinsk kunnskap blir omhandla, ikkje minst i ei problematisering av korleis desse ulike tilnærmingane står i høve til kvarandre.
Forståinga av rus og rusproblematikk er prega av ulikt syn på røyndom og kunnskap innafor feltet, og emnet skal gi studentane bakgrunn for å identifisere ulike grunnhaldningar. Studentane kan med det kartleggje kunnskapsfeltet, både innafor faga og innafor den politiske diskusjonen. Lov- og regelverk i høve til rus og rusproblematikk, i tillegg til forsking innanfor feltet, kan plasserast i ein historisk og kulturell kontekst. Emnet gir studentane kunnskap om perspektiva som er sentrale i forsking og i praktisk arbeid med rusrelaterte vanskar, men prøvar også å tematisere særskilt dei teoretiske spenningane som finst i feltet. Rusmiddelbruk og rusvanskar vert undersøkt som sosiale, kulturelle og kroppslege fenomen, og både psykologiske, sosiologiske og fysiologiske perspektiv er dermed er relevante. Emnet har som mål å tematisere ¿samhandling¿ gjennom å føre saman og diskutere desse ulike teoretiske innfallsvinklane mot kvarandre. Rusmiddelbruken vert også diskutert utifrå eit folkehelseperspektiv og sett i samanheng med rusførebyggjande strategiar.
Læringsutbytte
KUNNSKAPAR
Etter fullført emne har studenten
- avansert kunnskap om rusmiddelbruk som eit kroppsleg, sosialt og kulturelt fenomen
- inngåande kunnskap om ulike perspektiv på rus
- inngåande kunnskap om rusmiddelbruk og rusrelaterte vanskar på individ og samfunnsnivå
FERDIGHEITER
Etter fullført emne kan studenten
- analysere eiga praktisk erfaring og empirisk kunnskap i lys av ulike teoretiske tilnærmingar
- relatere ulike teoriar om rusvanskar til kvarandre og gjere dei relevante i forhold til problemstillingar henta frå praksis eller empirisk forsking
GENERELL KOMPETANSE
Etter fullført emne kan studenten
- anvende relevante teoretiske perspektiv på rusmiddelbruk
- formidle og diskutere rusfaglege problemstillingar, særleg med grunnlag i sosialfaglege og samfunnsvitskaplege tilnærmingar
Krav til forkunnskapar
Avslutta grunnutdanning på bachelornivå (minimum tre år) i helse- eller sosialfag. Andre med minimum treårig høgare utdanning med relevant fagsamansetning kan etter vurdering bli tatt opp.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar, rettleiing og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Skriftleg heimeeksamen på 10 sider (2 veker) med munnleg høyring. Individuell eksamen. Bokstavkarakter.
Sensorane kan stille spørsmål om oppgåva og frå resterande delar av pensum.
Heimeoppgåva skal vere sensurert med ein førebels greidd karakter før ein kan gå opp til munnleg høyring.
Ved ny eksamen/kontinuasjon arbeider ein vidare med opphavleg problemstilling. Ved forsøk på forbetring av karakter må heile emnet takast opp att.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel