Hopp til innhald

SA5-300 Vurdering av læremiddel i samfunnsfag

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar kunnskap om korleis ein kan nytte, vurdere og utvikle læremiddel i samfunnsfaget. Læremiddel er alle ressursar som kan nyttast til læring som lærebøker, IKT baserte læremiddel, kart, bilete, databaser og video og andre gjenstandar som blir brukte som reiskapar for læring. Sentrale fagdidaktiske spørsmål som vert belyst : Korleis vert læremidlet utvikla, korleis kan læremidlet brukast, og korleis støtter læremidlet mål for undervisning, er læremidlet tilgjengelig, har læremidlet god kvalitet, korleis kan ein utvikle læremiddel, læremiddelbruk i eit historisk perspektiv og læremiddelkunnskap som eit viktig didaktisk forskingsemne i samfunnsfaga. Lærebøker, nettstad og film blir gjort gjenstand for gjennomgang og kritisk analyse.

Læringsutbytte

Studenten har/kan

  • avansert kunnskap om grunngjeving og historie til skulefaga historie, geografi og samfunnskunnskap
  • inngåande kunnskap om didaktikk i samfunnsfaga
  • inngåande kunnskap om læremiddelbruk i samfunnsfagundervisninga
  • avansert kunnskap om kunnskapseffektar  i samfunnsfaga ved ulik læremiddelbruk og om læringsstrategiar for denne bruken
  • inngåande kunnskap om korleis ein sjølv kan lage enkle læremiddel i samfunnsfaga
  • avansert kunnskap om korleis lærebøker vert utvikla
  • inngåande kunnskap om internasjonal læremiddelforsking knyta til samfunnsfagdidaktiske problemstillingar
  • inngåande kunnskap om læremiddelvurdering av læremiddel i samfunnsfaga

Studenten har/kan

  • kritisk vurdere læremiddelbruk i samfunnsfaga
  • nytte kunnskap om læremiddel til praktisk gjennomføring i samfunnsfagsundervisning
  • nytte kunnskap til å utvikle eigne læremiddel i samfunnsfag

Studenten har/kan

  • kompetanse til å analysere og reflektere og til å delta i fagdidaktiske diskusjonar i eit kollegium eller i det offentlige ordskiftet

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over dei som følgjer av opptak.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er bygd opp rundt førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt fordjupingsarbeid teoretisk og praktisk. Undervisningsmetodar i emnet er førelesingar, oppgåvearbeid, diskusjonar, presentasjonar frå studentar og gruppearbeid. Det blir lagd vekt på sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og aktiv tilnærming til problemstillingar studentane vert presentert for. Fronter vert nytta aktivt som lærings- og kommunikasjonsplattform.

Obligatorisk læringsaktivitet

3 arbeidskrav :

1) Obligatorisk undervisning 80%

 2) Innlevering av prosjektskisse og framdriftsplan for eigenutvikla læremiddel

 3) Framføring  av prosjekt i klassen

 Arbeidskrav vert vurdert godkjend/ ikkje godkjend

Vurderingsform

Prosjektinnlevering av eigenutvikla læremiddel som kan nyttast i samfunnsfagsundervisninga Vekting: 50 %

Individuell munnleg eksamen Vekting: 50 %

Gradert karakter A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

ingen

Meir om hjelpemiddel