SA546 Examen philosophicum
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Vidare skal ex.phil. innvie studentane i akademisk kultur og danning, og gi filosofiske perspektiv på sentrale spørsmål i jussen. Emnet gir ei innføring i rettsfilosofi og andre filosofiske tema med særleg relevans for rettsvitskapen. I tillegg gir emnet ei innføring i språk- og argumentasjonsteori, med sikte på å fremje akademiske ideal om presisjon og stringens.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for rettsvitskapen, til dømes rettsfilosofi, etikk og politisk filosofi. I tillegg har studenten kjennskap til sentrale omgrep i språk- og argumentasjonsteori.
Ferdigheiter og generell kompetanse
Studenten meistrar:
- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og prinsipiell drøfting av problemstillingar i jussen
- bruk av språk- og argumentasjonsteori på tekstar i det juridiske feltet
- grunnleggjande normer for skriftleg og munnleg akademisk framstilling, som klårleik, sjølvstende og reieleg handsaming av kjelder.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og seminarsamlingar. Seminara har oppmøtekrav.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten skal:
- ta del i minst 80% av seminarsamlingane
- gi ein munnleg presentasjon i seminaret
- levere eitt utkast til seminaroppgåve
- møte til ei individuell rettleiing om seminaroppgåva
- greie breiddetest
Godkjenninga er gyldig berre i det studieåret ein får godkjenning.
Vurderingsform
Studenten skal skrive ei seminaroppgåve undervegs i kurset. I tillegg skal studenten skrive ei mindre oppgåve utan rettleiing. Seminaroppgåva tel 2/3 av karakteren, og den mindre oppgåva 1/3. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåvene vurdert. Begge oppgåvene må være greidd for å få endeleg karakter. I vurderingane på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F