SA590 Internasjonal politikk
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei grunnleggande innføring i faget internasjonale relasjonar, og korleis økonomiske, politiske og kulturelle globaliseringsprosessar påverkar forholdet mellom statar og transnasjonale organisasjonar.
Læringsutbytte
Etter å ha fullført emnet
Kunnskap
- har studenten kunnskap om sentrale diskusjonar om globaliseringsprosessar i vår tid
- har studenten kunnskap til sentrale trekk ved politisk, økonomisk og kulturell globalisering
- har studenten grunnleggande kunnskap om internasjonale relasjonar
- har studenten kjennskap til korleis globaliseringsprosessar kan påverke internasjonale relasjonar
Ferdigheiter
- kan studenten gjere greie for og diskutere statsvitskaplege problemstillingar om globalisering
Generell kompetanse
- kan studenten framføre ein munnleg presentasjon av ei samfunnsvitskapleg problemstilling basert på relevante forskingsbidrag
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, munnleg presentasjon og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ei individuell oppgåve etter oppgitt tema: munnleg presentasjon med tilbakemelding frå faglærar, og deretter skriftleg innlevering. Vurdering: greidd/ikkje greidd.
Vurderingsform
Todelt munnleg eksamen: 1. Munnleg presentasjon etter oppgitt oppgåvetekst. 2. Overhøyring i pensum.
Både del 1 og del 2 må vere greidd for å få ein samla greidd karakter. Oppgåveteksten vert delt ut ei veke før munnleg eksamen.
Ved ny eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter vil det bli gitt ny oppgåvetekst.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel