SA603 Historia i samfunnet
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
I boka, 1984, hevda forfattaren, George Orwell, at "who controls the past, controls the future: who controls the present controls the past". Sitatet er ikkje mindre relevant i ei tid der demokratiet vert utfordra av spreiing av propaganda og «falske nyheiter». Historie er noko som omgir oss, kan hende utan at vi registarer det, og som pregar samfunnet vårt.
Historie er noko som skaper band mellom ulike grupper, men óg avstand og motsetnader. Korleis historie brukast er difor ikkje nøytralt. Ein føresetnad for å forstå historiebruk i samfunnet er difor innsikt i historiefagets metodar og teoriar. Historie er utgangspunkt for mange ulike samfunnsdebattar og politiske diskursar. Eit spørsmål emnet opnar opp for, er kva rolle historikarar, som profesjon, hatt i å utforme dei historiske argumenta i dei tilfella der slike har vore avgjerande?
Men historie kjem óg til uttrykk i ulike medium, alt fra populærkultur, som tv-seriar, bøker, filmar, memer eller på sosiale medier, til fysiske størrelser vi omgås dagleg, slik som statuer, monumenter eller bygningar. Samstundes blir historie ikkje lenger berre formidla på tradisjonelt vis ved hjelp av historiske gjenstandar eller tekstar, men vert òg formidla gjennom rekonstruksjonar eller deltaking i ulike aktivitetar. Faget vil sjå på korleis historie vert formidla og kva bruk det har.
Emnet gir studentane ei grunnleggjande innføring i korleis historie er til stades og blir brukt i samfunnet. Historie blir brukt til ulike føremål, både til identitetsskaping, underhaldning og politiske og kommersielle føremål. Omgrep som minne, mytar, historiemedvit og identitet står sentralt i studiet av historiebruk. Den teoretiske innføringa vil ta utgangspunkt i korleis historie har vore brukt og blir brukt i konkrete situasjonar, og det vil stå sentralt å sjå på kva kunnskaps- og kjeldegrunnlag ulike former for historiebruk vil ha.
Faget vil gi studenten ein innføring i historiefagets metodar og teorier, med eit særleg fokus på kjeldekritikk, samstundes som det vil være oppgåve- og praksis-orientert.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
- kan gjere greie for ulike former for historiebruk
- kan drøfte korleis ulike former for historiebruk har prega samfunnet
- kan gjere greie for hovudprinsippa i vitskapleg handsaming av kjelder
Ferdigheiter
- kan gjere ein enkel historiebruksanalyse av kva føremål, kjeldetypar, kunnskapsgrunnlag og tilhøve til historiefaget som pregar ulik bruk av historie
- kan reflektere over korleis historie blir brukt til identitetsskaping
- kan nytte metodisk innsikt til å kritisk vurdere historisk formidling
Generell kompetanse
- kan skrive ein tekst om eit historiefagleg tema etter definerte vitskaplege kriterium og basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
- kan vurdere korleis historie blir brukt av kulturinstitusjonar, bedrifter, offentlege institusjonar og media.
- kan reflektere over dei etiske sidene ved ulike former for historiebruk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing, seminarundervisning, ekskursjon og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
1. Obligatorisk frammøte på første ordinære undervisningsøkt.
2. Innlevering av skriftleg oppgåve. Individuell.
Vurderingsform
Mappeeksamen, individuell.
Justerande munnleg eksamen: Oppgåva må vera sensurert med ein førebels greidd karakter for at studenten skal kunne gå opp til munnleg etterprøving. Endeleg karakter vert gitt etter munnleg etterprøving. Karakteren kan justeres med inntil ein karakter. Ved ikkje greidd etter munnleg må heile eksamen takast opp att.
Ved stryk på mappe må omarbeidd oppgåve leverast. Ved stryk på andre forsøk, må oppgåve med ny problemstilling leverast.
Forbetring av karakter: Heile eksamen må takast opp att med ny problemstilling.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel