SOS5-309 Sosialt arbeid - samansette livsproblem
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Studentane skal ha kjennskap til psykiske lidingar, rusavhengigheit og rus- og/eller valdsproblematikk og konsekvensar for den som vert utsett for vald. Studentane skal ha kjennskap til profesjonelle familiesamtalar og om familieperspektiv på psykisk helse. Studenten skal ha kunnskap om det juridiske grunnlaget for tvang i helse- og sosialtenestene. Det vert lagt vekt på å trene studentane i å vidareutvikle kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse som kan brukast i møte med menneske i vanskelege livssituasjonar og med samansett problematikk.
Breidda og kompleksiteten i tema krev at studentane har kunnskap, ferdigheiter og reflekterte haldningar. Dei vil verta utfordra på alle læringsutbytta. Ferdigheitstreninga vil særleg vera knytt til motiverande samtalar.
Læringsutbytte
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:
Kunnskap:
- har kunnskap om kjenneteikn ved brukargrupper og diagnosar ved ulike psykiske lidingar, rusavhengigheit, om samtidige psykiske lidingar og rusproblem (ROP- lidingar)
- har kunnskap om profesjonelle familiesamtalar og om familieperspektiv på psykisk helse
- har kunnskap om konfliktar og har kjennskap til metodar for å arbeide i konfliktfylte situasjonar
- har kunnskap om ulike typar rus- og/eller valdsproblematikk og konsekvensar for den som vert utsett for vald
- har kunnskap om det juridiske grunnlaget for tvang i helse- og sosialtenestene
Ferdigheiter:
- kan arbeide med brukarar med samansette livsproblem
- kan bruke motiverande samtale i møte med brukarar
- kan bruke kunnskapar frå emnet i vurderinga om tiltak overfor vaksne/familiar
Generell kompetanse
- kan reflektere over sosionomrolla i arbeidet med menneske med samansette livsproblem
- kan reflektere over kunnskapsgrunnlaget og eigne haldningar overfor brukargruppa
Krav til forkunnskapar
Alle emna i første og andre studieår må vere greidd før ein kan framstille seg til eksamen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, ferdigheitstrening, refleksjon, seminar og gruppearbeid under rettleiing av fagtilsette. Munnleg presentasjon av skriftleg arbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Gruppeoppgåve der studentane arbeider med kasus.
- Munnleg framføring
- Obligatorisk deltaking i undervising i motiverande intervju/endringsfokusert rådgjeving.
Alle arbeidskrav må vere godkjente før ein kan framstille seg til eksamen
Vurderingsform
Heimeeksamen. 5 dagar. Vekting: 100%. Bokstavkarakterar.
Dersom kandidaten får karakter F på heimeeksamen, kan han/ho levere revidert utgåve av same oppgåve ved eit nytt eksamensforsøk.
Dersom kandidaten får karakter F ved andre forsøk skal det leverast ei ny oppgåve med ny problemstilling.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle.
Meir om hjelpemiddel