Hopp til innhald

SØ6-1000 Samfunnsøkonomi makro

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

  • målsettingar for den økonomiske politikken
  • nasjonalrekneskap. Sentrale makroøkonomiske omgrep og samanhengar
  • dei ulike komponentane som utgjer BNP
  • BNP som velferdsmål
  • Grunnleggande Keynesmodellar for ein lukka økonomi for å forklara.konsekvensane av etterspurnadsbestemt konjunkturnedgang og makroøkonomisk politikk (penge- og finanspolitikk)
  • ulike typar arbeidsløyse
  • prisindeksar
  • etterspurnaden etter pengar. Tilbodet av pengar. Likevekta i pengemarknaden.
  • valuta 
  • inflasjon og kostnader ved inflasjon
  • Pengepolitikk
  • kjøpekraftsparitet
  • kvantitetsteorien
  • udekka renteparitet
  • IS-MP-modellen for ein open økonomi: Likevekt i vare- og pengemarknaden.
  • økonomisk vekst
  • Den kortsiktige og langsiktige Phillipskurva.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

  • forstå årsakene til og verknadene av konjunktursvingingar på produksjon og sysselsetjing og korleis styresmaktene kan nytta penge- og finanspolitikk for å jamne ut konjunktursvingingar
  • vite kva ein inntektsmultiplikator er
  • forstå korleis endringar i etterspurnaden i ein del av økonomien får ringverknader for resten av økonomien
  • vite skilnaden på ulike typar arbeidsløyse og forstå samanhengane mellom arbeidsløyse og inflasjon
  • forstå årsakene til økonomisk vekst
  • Kjenne til samanhengen mellom institusjonar i arbeidsmarknaden og makroøkonomien sin funksjonsmåte.

 

Dugleikar:

  • kunne gjere greie for sentrale makroøkonomiske omgrep
  • finne aktuell makroøkonomisk statistikk m.a. i Nasjonalrekneskapen. Dette gjeld m.a. statistikk over utviklinga i BNP, sysselsettinga, arbeidsløysa, konsumprisindeksen, investeringane og i privat konsum.
  • ved hjelp av makroøkonomiske modellar kunne vise korleis styresmaktene kan påverke aktivitetsnivået i ein open økonomi

Generell kompetanse:

  • vere i stand til å følgje med i media og på diskusjonar om samfunnsøkonomiske emne
  • ha fagleg funderte vurderingar om kva økonomisk politikk styresmaktene til ein kvar tid bør føra for å dempa konjunkturrørslene og påverka den økonomiske veksten.

Krav til forkunnskapar

ME6-1000 Matematikk for økonomar eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar med gjennomgang av teori og oppgåver

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen.

Vurderingsform

To eksamenar:

Ein skriftleg skuleeksamen på 3 timar. Tel 30% av den samla karakteren på emnet.

Ein skriftleg slutteksamen på 4 timar. Tel 70% av den samla karakteren på emnet.

Bokstavkarakter. Kandidaten må ha greidd begge eksamenane for å få godkjent emnet.

Ved stryk på ein av deleksamenane treng studenten berre å ta oppatt denne deleksamenen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Kalkulator.

Meir om hjelpemiddel