SØ6-402 Offentleg økonomiforvaltning
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
I emnet vert det gitt innføring i økonomisk teori og tankegang. Det blir gitt innføring i økonomiske grunnomgrep knytt til velferdsstaten og offentleg sektor. Vidare blir det gitt innføring i det å nyttegjere seg sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, i kalkulasjon, rekneskap og budsjett, samt i økonomistyring, resultatmåling og lønsemd.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande kunnskapar, ferdighetar og generell kompetanse:
- Ha kunnskap om økonomisk teori og tankegang
- Ha kunnskap om sentrale økonomiske grunnomgrep knytt til velferdsstaten og offentleg sektor
- Kjenne til eit utval sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, med relevans for eigen sektor og eiga driftseining
:
- Kunne analysere planleggingsdokument som er relevante for eigen sektor og eiga driftseining
- Som leiar kunne bruke økonomisk teori på konkrete avgjerdssituasjonar i eiga driftseining
- Vere i stand til å analysere samfunnsøkonomiske lønsemdsvurderingar
- Ha innsikt i og kunne prioritere avgrensa ressursar
- Kunne arbeide aktivt med budsjett
:
- Studenten skal etter avslutta kurs ha fått innsikt i offentleg sektor og teorien for økonomisk politikk og økonomisk styring, med vekt på sektorane helse, velferd og utdanning, og dei skal vite korleis dei skal kunne sikre god ressursutnytting i eiga driftseining
- kunne nytte nokre grunnomgrep i økonomisk teori i forståinga av ressursforvaltning i eiga driftseining
- kunne kommunisere med kollegaer og leiarar i eigen organisasjon om nokre grunntrekk i velferdsstaten og offentleg sektors økonomiske grunnlag og økonomiforvaltning
- kjenne til og kunne analysere eit utval sentrale planleggingsdokument i offentleg sektor, med relevans for deira eigen sektor og eiga driftseining
- kunne nytte sentrale omgrep som økonomistyring, lønsemd og resultatmåling i ei forståing av den offentlege leiarrolla.
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, casediskusjonar, gruppearbeid og skriftleg arbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav nr 3a: Individuell innleveringsoppgåve.
Sjå studieplanen for meir informasjon om korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga.
Eit arbeidskrav er gyldig i dei fire påfølgjande semester. Ut over dette må studenten søkje spesielt om godkjenning.
Vurderingsform
Ved HE Heimeeksamen - 8 dagar. Svar på utleverte oppgåver innan dato gjort kjend av faglærarar. Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene.
Bokstavkarakter.
Ved stryk kan studenten ta opp igjen eksamen i det påfølgjande semesteret.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel