VPL5-307 Kvalitet og forbetringsarbeid
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Kvalitetsarbeid og kvalitetsutvikling i miljøarbeid, levekår for funksjonshemma, forbetringsarbeid, kommunikasjon og samhandling. Arbeid med prosjekt som førebuing til prosjektpraksis vert vektlagt. Her er kvalitetsarbeid og forbetringsarbeid sentrale tema. Studentane arbeider med prosjekt der samhandling og eigenutvikling er viktige fagområde gjennom heile emnet.
Læringsutbytte
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten
Kunnskap:
- om kvalitetsarbeid og forbetringsarbeid av tenester
- om generelle forvaltningsmessige prinsipp og handlingskompetanse i høve lovverk om tvang og makt
- om kommunikasjon, relasjonar og konflikthandtering i møte med brukar, pårørande og kollegaer
- om sosiale problem og levekår, med spesiell vekt på funksjonshemma sin situasjon
- om samarbeid og samhandling på tvers av fag og nivå
- om forsvarleg og fagleg tenesteutøving
Ferdigheiter:
- anvende kunnskap om organisering av tenester og bruk av metodar som førebyggjer bruk av tvang og makt i arbeid med personar med utfordrande åtferd, og grunngje val.
- anvende fagleg kunnskap om konflikt, kommunikasjon og samhandling
- anvende kunnskap om miljøarbeid som fremjar medbestemming og myndiggjering
- reflektere over eigen fagleg utøving og kunnskap om samarbeid og samhandling på tvers av fag og nivå
- anvende kunnskap om forbetringsarbeid.
Generell kompetanse:
- kan formidle en integrert fagleg forståing om kvalitetsarbeid og kommunikasjon. Her inngår teoriar, problemstillingar, løysingar, både skriftleg, munnleg og gjennom rollespel.
- kan anvende fagleg kunnskap, planlegge og gjennomføre forbetringsarbeid
Krav til forkunnskapar
Alle emne frå første og andre studieåret må vere greidd.
Undervisnings- og læringsformer
Seminar og førelesingar, gruppearbeid, rollespel, forbetringsarbeid, munnleg og skriftleg framstilling, og individuelt studium.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Minimum 80% deltaking samla - i seminarundervisning og gruppearbeid
- Eitt individuelt skriftleg arbeid
- Skriftleg forbetringsarbeid i gruppe. Ved innsending av skriftleg oppgåve, dokumenterer kvar enkelt student sitt bidrag.
Alle arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen med utgangspunkt i forbetringsarbeid.
Karakter: A - F
Ny eksamen: Dersom det vert stryk på munnleg tek ein ny eksamen med utgangspunkt i eksisterande forbetringsarbeid.
Forbetring av karakter: Heile emnet må takast opp att.