Hopp til innhald

VPL5-308 Profesjonsutøving vernepleie

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Felles med bachelor i barnevern og sosialt arbeid får studentane undervisning i vitskapsteori, forskingsmetode og etikk. Denne delen inneheld kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske retningar og metodar for innsamling og analyse av data. Etikkfaget vektlegg etisk deliberasjon med utgangspunkt i moderne utgåver av klassiske posisjoner i normativ etisk teori. TPS (Tverrprofesjonell samarbeidslæring): Fleirfagleg samarbeid med Avdeling for lærerutdanning og Institutt for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie. Tema: Barn i utsette livssituasjoner.

Ein føreset at studentane tek med seg og kan anvende kunnskapar frå tidlegare emne gjennom heile studieløpet. Utdanninga byggjer på kunnskap frå mange fagområde og det er eit sentralt mål gjennom studiet å kunne nytta kunnskap frå dei ulike faga i arbeid med menneske med ulike funksjonsvanskar. I etikk får studentane innføring i etisk teori og etisk analyse av helse- og sosialfaglege situasjonar. I forskingsmetode blir det undervist om forskingsprosessen ved bruk av høvesvis kvalitative og kvantitative metodar. Det blir lagt vekt på å vise korleis ein kan sjå og vurdere kvaliteten i forskingsprosessen når ein les forskingslitteratur. 

.

Læringsutbytte

Felles læringsutbytte for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten

Kunnskap:

  • kunnskap om forskingsprosessen
  • kjennskap til forskingsetiske retningslinjer
  • kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar og kunnskapsteoretiske tilnærmingar

Ferdigheit:

  • kunne identifisere truslar mot etiske grunnverdiar, og reflektere over væremåtar i lys av sosialfagprofesjonens krav til framtoning og etisk forsvarleg handling

Generell kompetanse:

  • kan vurdere det metodiske grunnlaget i kvalitativ og kvantitativ forskning

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten

Kunnskap:

  • brei kunnskap om miljøterapeutiske prinsipp i arbeide med personar med samansette og langvarige behov for tenester. 
  • kunnskap om samtykkekompetanse, samtykkereglar og reglar for bruk av tvang innanfor psykisk helsevernlov og helse- og omsorgstenestelova kap. 10. 
  • brei kunnskap om risikofaktorar og samfunnsskapte barrierar for menneske med funksjonsnedsettingar.
  • kjenner til innhald og tilbod frå spesialistenester til personar med nedsett funksjonevne

Ferdigheiter:

  • kan anvende etisk teori og analyse som refleksjonsgrunnlag for handtering av helse- og sosialfaglege utfordringar
  • kan anvende juridisk og vernepleiarfagleg kunnskap i saker som gjeld helsehjelp etter psykisk helsevernlov og helse- og omsorgstenestelova kap. 10, samt å identifisere og reflektere over etiske problemstillingar knytt til bruk av tvang.
  • kan gjennomføre systematisk litteratursøk og kan finne fram til aktuell forskning og nytte denne i sitt arbeid.
  • anvende teoretisk kunnskap for å identifisere, og å kunne treffe begrunnede valg av tiltak som er fagleg forsvarleg, og kunne evaluere desse.

  • har innsikt i relevante vernepleiarfaglege og yrkesetiske problemstillingar
  • formidle sentralt fagstoff, både munnleg og skriftleg, og framstille det slik at det belyser ei problemstilling.

Krav til forkunnskapar

Alle emner frå første og andre studieåret og haustsemesteret tredje studieår må vere greidde før studenten kan framstille seg til eksamen.

Tilrådde forkunnskapar

Ikke spesifisert

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta ulike undervisnings- og læringsformer i emnet: Førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening, digitale verktøy. Studentaktive læringsformer vert vektlagde.

Obligatorisk læringsaktivitet

Minimum 80% deltaking i ferdigheits- og relasjonstrening i dei tema dette gjeld. Alle arbeidskrav må vere godkjent for at ein skal kunne framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen som tek utgangspunkt i eit kasus. Det vert krevd at studentane kan anvende kunnskap frå tidlegare emne i studiet.

Bokstavkarakter.

Ved forbetring av karakter, må heile emnet takast på nytt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel