BØ6-1001 Finansrekneskap 1
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Kurset skal gjere studentane i stand til å sjølve kunne føre eit enkelt rekneskap. Med utgangspunkt i årsrekneskapen viser ein korleis bedrifta si lønnsemd, likviditet, finansiering og soliditet kan analyserast nærare.
Innhald:
- Rekneskap som informasjonskjelde
- Innføring i bokføring og årsavslutning av eit årsrekneskap
- Bokføring som ein prosess frå; inngåande balanse, posteringar, oppsett av råbalanse, overføring til saldobalanse og tabellarisk avslutning
- Periodisering som sentralt omgrep ved avslutning av rekneskap
- Rekneskapsanalyse med nøkkeltal og fokus på samanhengen mellom resultat og balanse i eit aksjeselskap eller i eit personleg føretak
Læringsutbytte
Studenten skal ved fullføring
- ha grunnleggande kunnskapar om føremålet med, og bokføring av, eit finansrekneskap
- ha kjennskap til standard kontoplan
- ha kjennskap til grunnleggande rekneskapsprinsipp
- forstå samanhengen mellom ein transaksjon og transaksjonen sin verknad på balansen
- kjenne til sentrale nøkkeltal innan lønnsemd, likviditet, finansiering og soliditet
Studenten skal ved fullføring
- kunne bokføre vanlege transaksjonar, til dømes meirverdiavgift
- kunne gjere greie for omgrep som utgifter, kostnader, utbetaling, inntekter og innbetalingar
- kunne periodisere inntekter og kostnader inkludert løn, feriepengar og arbeidsgivaravgift
- kunne setje opp resultat og balanse i samsvar med rekneskapslova
- kunne rekne ut og vurdere sentrale nøkkeltal med utgangspunkt i framlagt årsrekneskap
Studenten skal ved fullføring
- ha utvikla ei grunnleggande fagleg og praktisk innsikt, samt analytiske ferdigheiter knytt til finansrekneskapen
- ha grunnlag for vidare fordjuping innan fagområdet
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
To skriftlege arbeidskav som skal løysast individuelt eller i gruppe. Eit ikkje-godkjent arbeidskrav gir rett til eit nytt forsøk.
Arbeidskravet er gyldig dei tre påfølgande semester.
Arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar
Karakterskala: A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovlege hjelpemiddel:
- programmerbar kalkulator
- lovsamling eller utskrift frå lovdata