BØ6-2000 Finansrekneskap 2
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Kurset bygger vidare på kurset BØ6-1001 Finansrekneskap 1 eller tilsvarande. Kurset skal gi god innsikt i finansrekneskapen si oppbygging og rammevilkår. Kurset skal gi nødvendige kunnskapar til å behandle sentrale rekneskapsmessige måleproblem, berekne skatt og til å kunne utarbeide eit enkelt konsernrekneskap og kontantstraumoppstilling.
Innhald:
- Grunnleggande rekneskapsteori og måling av dei viktigaste rekneskapspostane
- Grunnleggande rekneskapsprinsipp og god rekneskapsskikk
- Skattegjeld og skattekostnad
- Konsernrekneskap
- Kontantstraumoppstilling
- Hovudelement, ulikskapar og utvikling innan norske (GRS) og internasjonale (IFRS) rekneskapsreglar
Læringsutbytte
Studenten skal ved fullføring
- ha kunnskap om innrekning og måling av dei viktigaste rekneskapspostane og grunnleggande rekneskapsprinsipp
- kjenne til sentrale skilnader mellom rekneskaps- og skattereglar
- kjenne til formålet med og hovudprinsippa ved utarbeiding av eit konsernrekneskap
- ha kunnskap om resultat- og balanseorientering
- ha kunnskap om det konseptuelle rammeverket til IFRS (International Financial Reporting Standards)
- ha forståing for og evne til å reflektere omkring internasjonal rekneskapsutvikling og god rekneskapsskikk
Studenten skal ved fullføring
- kunne handsame sentrale måle- og vurderingsproblem innan rekneskap
- kunne sette opp ei enkel skatteberekning
- kunne gjere årsoppgjørsposteringar og disponering av resultat
- kunne utarbeide kontantstraumopstilling
- kunne utarbeide eit enkelt konsernrekneskap
- kunne rekne ut og forklare ulik rekneskapsmessig behandling mellom GRS og IFRS på gitte emne
Studenten skal ved fullføring
- kunne tileigne seg ytterlegare rekneskapsteoretisk kunnskap gjennom lesing av fagbøker og fagartiklar
- kunne nytte kunnskapen på praktiske rekneskapsproblemstillingar
Krav til forkunnskapar
Finansrekneskap 1 (BØ6-1001) eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
To skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe. Eit ikkje-godkjent arbeidskrav gir rett til eit nytt forsøk.
Arbeidskravet er gyldig dei tre påfølgande semester.
Arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Karakterskala: A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovlege hjelpemiddel:
- programmerbar kalkulator
- lovsamling eller utskrift frå Lovdata