Hopp til innhald

BLU3-102 Språk, tekst og matematikk

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

  • barns språk ,språkutvikling og tidleg skriftspråksutvikling
  • barnelitteratur
  • barns matematiske meiningsskaping, kreative undring og problemløysing
  • overgangen barnehage/skule

Kunnskapsområdet vil nytte kompetanse frå norsk, matematikk og pedagogikk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om barns matematiske og språklige utvikling
  • har kunnskap om korleis ein som barnehagelærar kan støtte barn si utvikling språkleg og matematisk, og om korleis utforme didaktiske opplegg
  • har kunnskap i tal, rekning og geometri, og innsikt i matematiske omgrep og symbol
  • har kunnskap om ulike skjønnlitterære tekstar for barn
  • har kunnskap om barns skriftspråksutvikling
  • har kunnskap om overgangen barnehage/skule

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide didaktisk med fagområda Kommunikasjon, språk og tekst og Mengd, rom og form i barnehagen frå Rammeplanen for barnehagen
  • kan leggje til rette for omgrepsutvikling og møte med tekstar
  • kan arbeide med barnelitteratur, mellom anna ved høgtlesing
  • kan vurdere ulike skuleførebuande opplegg for dei eldste barna i barnehagen

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan observere, dokumentere og evaluere barnehagens arbeid med språk, tekst og matematikk
  • har innsikt i korleis ein skriv faglege tekstar og meistrar norsk skriftleg (bokmål og nynorsk)

Krav til forkunnskapar

Opptak ved barnehagelærarutdanning

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformer i kunnskapsområdet vil basere seg på temablokker med førelesingar, eigenarbeid og ulike former for gruppeoppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Arbeidskrav knytt til praksis
  • Arbeidskrav knytt til temaet overgang barnehage/skule

Vurderingsform

1.år vår: Individuell mappeeksamen. Mappa skal bestå av to tekstar, der begge målformer er representerte. Begge tekstane skal ha karakter E eller betre for å få godkjent mappa. Ved stryk på ein av tekstane, skal heile mappa leverast inn på nytt. Vekting 60%

Individuell, skriftleg eksamen. Tid: 4 timar. Vekting 40%.

Karakterskala A-F.