Hopp til innhald

ID3-221 Folkehelsearbeid

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

  • Folkehelsearbeid
  • Helseomgrepet
  • Sosial ulikskap og helse
  • Helsepolitikk og politiske planar
  • Fysisk aktivitet i folkehelsearbeid
  • Kosthald i folkehelsearbeid
  • Folkehelsearbeid på ulike arenaer
  • Instruktørrolla og treningsrettleiing
  • Aktuelle praktiske aktivitetar: sal, sykkel, trening utendørs, styrke- og basistrening

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om folkehelsearbeid på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt plan
  • har brei kunnskap om kva som ligg i omgrepa helse, folkehelse og fysisk aktivitet
  • har brei kunnskap om generelle tilrådingar om fysisk aktivitet og kosthold for friske
  • har brei kunnskap om utviklinga av fysisk aktivitet og kosthold i den norske befolkninga

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gje generelle tilrådingar om fysisk aktivitet og kosthold til friske
  • kan gjennomføre ulike typar fysisk aktivitet for friske med fokus på instruktørrolla

Generell kompetanse

Studenten

  • har generell kompetanse om systematisk folkehelsearbeid
  • har generell kompetanse om folkehelsearbeid på ulike arenaer
  • har generell kompetanse om sentrale faktorar som påverkar helsa vår, slik som livsstil og helseadferd, strukturelle faktorar og sosial ulikskap

Krav til forkunnskapar

Fullført 1. år bachelor idrett eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, diskusjonar, praktisk arbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Studentane får framleggings- og innleveringsoppgåver gjennom studiet som skal stimulere til større eigenaktivitet og eigenlæring.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk frammøte i timar med gruppeframlegging, eksterne førelesarar og praktiske timar
  • Tre godkjente praktiske individuelle arbeidskrav
  • Eit godkjent arbeidskrav i grupper (muntleg framføring og skriftleg innlevering)
  • Levere to faglege tekstar til rettleiing som skal inngå i mappe

Vurderingsform

Individuell mappeeksamen. Mappa skal innehalde to faglege tekstar der begge må vere bestått.

Graderte karakterar (A-F).

Ved karakter F (ny eksamen) leverer studenten ny mappe (begge tekstane). Det er anledning til å arbeide vidare med tidlegare leverte tekstar.