ID3-222 Førebyggande fysisk aktivitet
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Studentane skal ved avslutta emne vite korleis ein ved bruk av fysisk aktivitet kan førebygge og fremme helse generelt, men spesielt med tanke på førebygging og behandling av psykiske lidelsar, metabolske lidelsar, kreft, lungelidelsar, smertetilstandar og spiseforstyrringar. Emnet vil bestå både av teoretiske forelesningar, praktiske timar, gruppearbeid, praktiske kurs og praksis.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om aktuelle livsstilssjukdommar
- har kunnskap om kommunikasjonsverktøy til gjennomføring av motiverande intervju
- har kunnskap om korleis fysisk aktivitet kan brukast som primær, sekundær og tertiær førebygging for dei einskilde livsstilssjukdommane
- har innsikt i forskinga som ligg til grunn for val av treningsmetodar, aktivitetstypar og dosering av aktivitet innanfor dei aktuelle sjukdommane
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, tilrettelegge og gjennomføre fysisk aktivitet for personar med livsstilsykdommar, psykiske lidelsar, kreft, smerte, spiseforstyrringar
- kunne rettleie i endring av vaner og kunne gjøre seg nytte av metoden motiverande intervju
- kjenne til og kunne gjennomføre helseprofilvurdering
Generell kompetanse
Studenten
- har grunnleggande forståing for samanhengane mellom fysisk aktivitet og helse i befolkningen, spesielt opp mot livsstilsrelaterte diagnosar
- har erfaring med praktisk arbeid på institusjonar og erfaring med praksisevaluering
Krav til forkunnskapar
Fullført 1.år bachelor idrett eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, diskusjonar, praktisk arbeid, labarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Studentane får framleggings- og innleveringsoppgåver gjennom emnet som skal stimulere til større eigenaktivitet og eigenlæring.
Obligatorisk læringsaktivitet
Før studentane kan framstille seg til eksamen må dei ha fått godkjent labkurs, praksis, praksisrapport og 80 % deltaking på den obligatoriske undervisninga.
Vurderingsform
Munnleg, individuell eksamen, med gradert karakter (A-F)
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemidlar tillatt.
Meir om hjelpemiddel