JU6-1002 Skatte- og avgiftsrett 2
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Innhald:
- Formuefastsetjing i næringsversemd
- Fastsetje skattepliktig inntekt og frådragsberettiga kostnadar i næringsverksemd
- Utrekning av skatt for EPF, ANS og AS
- Omdanning frå EPF til AS
- Overdraging av verksemd
- Likvidasjon av verksemd
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten
- har kunnskap om skatte- og avgiftsreglar knytt til næringsverksemd og selskap
- har kjennskap til kva slags transaksjonar og hendingar knytt til eigarskap og eigenkapital som kan medføre skattelegging
- har kunnskap om skattemessig verknad av opphøyr og likvidasjon av verksemder
- har kunnskap om fastsetting av formue for ikkje-børsnoterte aksjar og andelar i ansvarlege selskap
- kjenner til hovudprinsippa for fastsetting av inngangsverdi for eigedeler tatt imot som gåve eller arv
- har kunnskap om skatteplanlegging
Ferdigheitar:
Studenten kan
- avgjere kva som er skattepliktige inntekter, kostnader med rett til frådrag, samt gjera korrekt tidfesting av postane for utrekninga av alminneleg inntekt i næring.
- rekne ut skatt for personelg selskap (EPF), ansvarleg selskap (ANS), og aksjeselskap (AS)
- fastsette grunnlag for skattelegging av aksjonærar (Aksjonærmodellen og Fritaksmetoden), deltakarar i ansvarlege selskap (Deltakarmodellen) og innehavar av enkeltpersonføretak (Føretaksmodellen)
- skattemessig handsame omdanning frå EPF til AS
- vurdere skattemessige verknadar ved overdraging av verksemd
- gjere etiske refleksjonar rundt skatteplanlegging
Generell Kompetanse
Studenten kan
- tileigne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsområder nemnd ovanfor og kunnskap om andre områder innan faget
- formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt og røynsle med andre fagpersonar
- sjå emnet i ein større samfunnssamanheng
Krav til forkunnskapar
JU6-1001 Skatte- og avgiftsrett 1 eller JU6-1004 Skatte- og avgiftsrett for eigedomsmeklarar
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori illustrert med praktiske eksempel og oppgåveseminar.
Obligatorisk læringsaktivitet
To arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe på inntill fire personar
Arbeidskrav kan løysast individuelt eller i gruppe på inntil fire personar.
Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Norges Lover, skattelovsamling, særtrykk av lov og forskrifter. Kalkulator.
Meir om hjelpemiddel