Hopp til innhald

LU1-RLE1A115 Kristendom, religion, livssyn og etikk 1a (1-7)

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

KRLE 1a gir historisk og aktuell kunnskap om kristendommen, filosofi og etikk. KRLE 1a er delt i to fagområder. Fagdidaktiske perspektiv er integrert i begge fagområder. KRLE 1a gir kunnskapar og ferdigheiter retta mot KRLE undervisning på 1.-7.årssteg.

KRLE 1a gir studentane nødvendig kultur- og religionskompetanse i møte med elevar, heimar og i samarbeid med kollegaer. Emnet består av følgjande fagområde:

  • Kristendom
  • Filosofi og etikk

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om kristendommen: mangfald og ulike retningar, trusinnhald og oppfatningar, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg vekt på norske forhold
  • har kunnskap om religionshistorie med vekt på eldre tid og særleg på kristendommens historie fram til og med reformasjonen
  • har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen
  • har kunnskap om vestleg filosofihistorie med vekt på antikken, særleg menneskesyn og etikk
  • har kunnskap om etiske teoriar og bruken av desse i høve til nokre aktuelle problemstillingar
  • har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar i faget i høve til dei aktuelle trinna

 

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere KRLE undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei fleirkulturelle utfordringane
  • kan bruke sentrale arbeidsmåtar i KRLE med vekt på arbeidet med høgtider, forteljingar og estetiske uttrykk
  • kan setje seg inn i borna sine tankar og førestellingar om religiøse og filosofiske spørsmål og kan samtale med dei om dette
  • kan samtale med barn om tilhøve som oppstår i samband med vanskelege livssituasjonar
  • kan samarbeide med andre lærarar, elevar og heimen om faget
  • kan gjennomføre tilpassa opplæring i KRLE, mellom anna med omsyn til elevar med bakgrunn i ulik tru og ulike livssyn
  • kan kombinere kravet om objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i KRLE med varierte, elevaktive og engasjerande arbeidsmåtar med tilsvarande vurderingsformer
  • kan legge til rette for utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga
  • kan reflektere kritisk over innhaldet og verdimålsettingane for faget i skolen og over forholdet mellom fag, undervisning og eiga utvikling i yrkesutøvinga
  • kan bruke internett og digitale læremidlar på ein kritisk og pedagogisk måte i undervisninga

 

 

Generell kompetanse

Studenten

  • har yrkesetisk kompetanse og kan sjå dette i samanheng med religiøse og livssynsmessige tradisjonar
  • kan leggje til rette for samarbeid mellom heimen, skolen og lokalmiljøet
  • har forståing for rolla som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Haust

Undervisnings- og læringsformer

Klasseromsundervisning; lærarstyrt og med studentaktivitetar. Skriftlege og munnlege oppgåver, individuelle og i grupper. Kampusbasert E-Læring. Studietur til London med egenbetaling.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • ha fått godkjend 1 kunnskapsprøve innan fastsett frist
  • ha fått godkjend 3 skriftlege innleveringar på 1500 ord innan fastsett frist
  • 80% deltaking på undervisning som er markert som obligatorisk i semesterplan

Vurderingsform

Heimeeksamen, muntleg eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1: Hjelpemiddel: Alle

Del 2: Hjelpemiddel: Ingen

Meir om hjelpemiddel